Klok på bok

1500

Publisert

Det er ein merkedag som skal markerast med fin fest i bokstova i dag. Me er framme ved oppgåve 1500, og det har me tenkt å gjere eit stort nummer av.

Diverre vert ikkje programmet like innhaldsrikt som under poesifestivalen i Ulvik, men eit mindre kan vel òg gjere seg. Av artige påfunn frå festkomiteen vil me nemne kravet om å dresse seg opp i boblejakke for å få sjampanje ved velkomst. Dessutan vert det nok særs god stemning når lærlingen i redaksjonen skal lese høgt frå eit manuskript med traurige barndomsminne. Verket, som førebels ikkje er publisert, har arbeidstittelen «Det var så lågt under taket at me berre kunne ha flyndre til middag.»

Diverre vert det neppe eit lengre referat frå jubileumsfesten i neste Klok-spalte. Det er ikkje alt ein minnest like klårt frå slike tilstellingar. Og resten stryk sensuren.

Frå fest og feiring skal me over til svaret på oppgåve 1498. Gunder Runde skriv: «Dette vart ei av årets største lesaropplevingar! Boka heiter Plikt, og forfattaren er Marianne Clementine Håheim frå Jølster, fødd i 1987 (same året som russisk/amerikanske Joseph Brodsky fekk Nobels litteraturpris).

Handlinga i boka er tilsynelatande enkel: ein ung mann kjem flyttande heim att til bygda etter at faren døydde brått. Hovudpersonen kjenner på plikta til å føre vidare drifta av garden der han vaks opp, og vert sauebonde. Boka fortel om dei daglege pliktene til den nye bonden, i eit enkelt, men samtidig poetisk språk, der me får kontinuerlege glimt tilbake til barndomen saman med foreldra. Det skin etter kvart igjennom at hovudpersonen er ein einsam mann, med postmannen og dei næraste grannane som dei få kontaktpunkta med omverda. Gradvis går det opp for han at å drive ein gard ikkje er fullt så enkelt som han trudde, han ser etter kvart kor mykje arbeid faren har lagt inn i dette småbruket. Og for lesarane går det også gradvis opp at dette kan gå gale, det toppar seg då hovudpersonen skadar eine foten, og straks vert alle pliktene han har overfor dyra, vanskelegare og vanskelegare å greie å gjennomføre. Det nærmar seg ei av desse dyretragediane som me les om i avisene, og som i dei fleste tilfelle er uforklarlege. Den siste setninga i boka gir likevel ei von: ’Det bankar på døra.’ Ei bok som gjorde sterkt inntrykk.

Forfattaren bur no i Bergen. Ho debuterte med ei lyrikksamling i 2012, og gav ut ein roman i 2015, før Plikt kom ut i år. Ho har ei bachelorgrad i litteratur frå Universitetet i Bergen, og er på alle måtar ein spennande forfattar, som eg vonar me snart får fleire bøker frå. I 2017 fekk ho Bjørnsonsstipendiet, noko ho heilt opplagt fortente!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement