Jaguaren
Kan hende kjem det som ei overrasking på nokre av lesarane når eg no kunngjer at boklækjaren har byrja i bransjen for bjørneskinn. Dei skeptiske av dykk vil nok meine at det er eit dristig prosjekt, ikkje minst av di eg ikkje eig eit einaste våpen. Skulle eit stort lode rovdyr i bjørnefamilien lese spalta her, er det difor ikkje grunn til panikk.
For å forklåre bigeskjeften må eg vise til kva eg fortalde sist veke. Der kom det fram at eg har eit ikkje ubetydeleg uteståande med rekneskapsføraren i Dag og Tid. Når eg no sit på ei finare kneipe i Praha og skriv dette, skjønar folk at eg reknar for visst at pengane straks kjem inn på konto. Neste veke planlegg eg ein rapport frå Tsjekkia, men nett no balar eg litt med ein sint kelner her i Praha. Han må ha stått opp med feil fot i dag, for han kjem heile tida attende med Visa-kortet mitt og seier at betalinga er avvist.
Frå bjørn til jaguar og til oppgåve 1357. Kjellrun Hamnes Espe skriv: «Forfattar: Sigrun Slapgard. Verk: Eg har sett jaguaren. Latinamerikanske historier. Ei svært sterk bok. Gripande og spennande om einskildmenneske sin kamp for fridom og rettferd. Essayistisk? Ja, forfattaren drøftar politikk og historie, men hendingane er like levande skildra som i ein roman. Og alt har likevel hendt, sjølv om vi har problem med å fatte røyndommens råskap… Drivande godt skriven! Eg vil her peike på at boka ikkje berre skildrar undertrykking og råskap – ho er også prega av håp for framtida. Her er gode menneske som gjer godt, solidaritet – og arbeid for rettferd og oppreisning. Så oppmodinga mi er: Les boka – og bli klok!»
Odd Storsæter skriv: «Så er det en kvinnelig forfatter på Samlaget som er godt kjent for Dag og Tids lesere som er løsningen i dag! Vi skal fram til Sigrun Slapgard, født 30.10.1953 i Hemsedal. Men hun vokste opp i Oppland fylke som skal bli til Innlandet. ’Ildlandet’ hadde passet bedre om Sigrun Slapgard, som har skrevet biografier over Sigrid Undset og Lise Lindbæk, som dekket den spanske borgerkrigen. Slapgard fikk Melsom-prisen for biografien om Lise Lindbæk. Hun har laget debattbøker og romaner med motiv i egen oppvekst. Hun fikk Nynorsk Litteraturpris 2013 for romanen Englestien. Men årets bok er Eg har sett jaguaren, og den handler om Sør-Amerika. Boka er historier om mennesker i dramatiske hendelser som står opp mot overmakta og risikerer livet for å få til en endring. Det er stor kontrast til diskusjonene i norsk TV om Statsbudsjettet for 2019 og Kristelig Folkepartis veivalg! Og sitatet på side 58 er om et likfunn i jungelen hvor bare håret er igjen etter at gribbene har spist. En gripende og vakker bok. I dag må jeg takke ARK-bokhandelen på Brunhjørnet i Trondheim. De hadde fem eksemplarer av boka, som anbefales. Jeg turde ikke forsøke Folkebiblioteket denne uka pga. konkurransen fra andre Kpb-lesere.»
Jaggu var det jaguaren me skulle fram til denne gongen. Desse gjekk seg ikkje ville i jungelen, men såg løysinga på oppgåve 1357: Skeisebibliotekaren i LASK, Birte Næsheim, Ingvar Engen, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Røyset, Per Skjæveland, Gunnar Bæra, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Kjellrun Hamnes Espe, Brita Lundeland, Kjell Helge Moe, Rannveig Nordhagen, Petter Kristensen, Olav Holten, Gunder Runde, Odd Storsæter, Tor Inge Myren, Olav Larsen, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Olav Molven, Eirik Holten, Jan Alfred Sørensen, Turid Tirevold, Eva Sunde, Anne Berit Skaarer, Else Bovim, Iver Røssum, Fritjof Lampe, Robert Øfsti, Tvillingene og Geir Ragnhildstveit. I dag er Brita Lundeland bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1359
Kullhandleren hadde vært her med regningen igjen. Alle mulige hadde vært her med regningen igjen. En skulle tro at hele verden ikke hadde annet å gjøre enn å fly på trappene til all verden med regninger. Og sånt kalte de produktivt arbeide. Den kullhandleren kunne få lov til å gå med den regningen til han ble kullsvart i ansiktet.
Sitatet finn me på side 67 i boklækjarutgåva (2000). Romanen kom ut fyrste gong mellom dei to verdskrigane. Forfattaren var fødd i Hedemarkens Amt, og dette er den rette tida for å lese boka. Mot slutten av romanen døyr ein person som mykje av forteljinga krinsar kring. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha føre- og etternamnet på denne personen. Send namn på personen som døyr, forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 27. oktober.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»