I aust står sola oppInnsida har vore i Hongkong, verdsbyen med det magiske namnet. Den kolonien som vart kinesisk til slutt, er eit spanande reisemål. Lett å koma til, lett og trygt å ferdast i. Her treng du ikkje visum som til Kina. Du kan fly direkte fr

Publisert

Innsida har vore i Hongkong, verdsbyen med det magiske namnet. Den urengelske kolonien som vart kinesisk til slutt, er eit spanande reisemål. Lett å koma til, lett og trygt å ferdast i. Her treng du ikkje visum som til Kina. Du kan fly direkte frå både Stockholm og Helsingfors. Hongkong er ei merkeleg og fargerik blanding av det kinesiske og det kosmopolitiske. Her har det vore ein open handelsby gjennom alle dei omveltingane Kina har sett. Hongkong tyder duftande hamn på det lokale kinesiske språket, kantonesisk.

Hongkongkinesarane, som er innbyggjarane i denne delen av Kina, er svært opptekne av mat. Skal du verta ven med ein av dei, lyt du eta saman med dei fyrst. Dei seier ikkje god dag til kvarandre, men «har du ete godt i dag».

Difor er Hongkong ein av dei mest spanande matbyane i verda. Her finn ein noko av det mest eksklusive i verda, samstundes som ein kan gå i små, tronge smug og eta noko av den beste og enklaste gatematen i verda.

Ofte er det ein spesiell rett dei mest populære stadene er kjende for. Då går folk dit berre for den retten. Lan Fong Yuen er ein enkel kafé som folk har valfarta til etter te med mjølk i og ein heilt spesiell smørtoast sidan 1953.

China Club skal ha verdas beste pekingand, medan Ho Lee Fook har ein grilla indrefilet i chilisaus som kjem med heile beinet på tallerken.

Etter all maten er det lettvint å nyta naturen, som er tett innpå storbyen. Berre nokre minuttar frå nokre av verdas tettast folkesette område, kan ein vera midt i jungelen eller på ei aud strand. Hongkong er eigentleg ei øygruppe. Her er over 250 øyar. På mange av dei er det små fiskarsamfunn og ikkje minst små familiedrivne sjømatrestaurantar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement