JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Hugs Huxley

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4475
20180406
4475
20180406

Ein eller annan plass sit det kloke folk som har tyding av omgrep som arbeid. Det lyt vere ein alvorstung jobb utan rom for tull og tøys eller fake news. Eg plar lite på desse som gjev oss definisjonar og forklaringar på ord og uttrykk. Det er omtrent som å slå opp i fasiten når ein undersøkjer tydinga av eit ord i ordboka. Diverre er ingen ufeilbarleg, heller ikkje ordboka.

Det er definisjonen av ordet «vår», altso årstida som skal lage ein overgang frå vinter til sommar, som får fram skepsis og mistru hos meg. Ifylgje ordboka femner våren om månadane mars, april og mai, men kalenderen seier at me er godt ute i april månad, og det er ikkje teikn til liv i lundar eller lauv i li. Ljose dagar med lengting, liv og song er det heller ikkje nokon som har merka noko til.

Kan hende vert det ikkje betre om ein endrar definisjonen i ordboka, men noko må gjerast. Boklækjaren vil høyre vårsøg, og no kan det berre gå for langsamt med å få rett årstid på plass.

Så til løysinga på oppgåve 1331. Gunder Runde skriv: «I dag lyt eg starte poetisk:

How beauteous mankind is!

O brave new world,

that has such people in’t!

Dette er frå 5. akt i skodespelet Stormen av Shakespeare, som har gitt Aldous Huxley inspirasjon til tittelen på hans best kjende – einaste kjende? – bok, Brave New World (Vidunderlige nye verden på norsk), utgitt i 1932. Dette er ei av dei viktigaste bøkene i boksoga, med skildring av eit skræmande framtidssamfunn. I dette samfunnet vert borna ’utklekte’ i store laboratorium, og kan mangfaldiggjerast som nøyaktig like personar. Samfunnet er (sjølvsagt) inndelt i ulike klasser, alt etter på kva stadium fostera blir flytta ut frå det opphavlege reagensrøyret og over i andre behaldarar, slik at dei vert ’ferdige’ på ulike stadium av utvikling. Dermed får ein fleire klasser, frå dei ’beste’, som er alfamenneske, og nedover (beta, gamma, delta og til sist dei lågaste: epsilon). Utdraget vi vert presenterte for denne gongen, er tankane til hovudpersonen i boka, Bernard Marx, som er alfa pluss, men som pga. ein feil i ’svangerskapsperioden’ er heile 8 cm kortare enn gjennomsnittshøgda for alfaklassa, dvs. ikkje stort høgare enn ein gamma. Det er dette faktum som gjer at han har store mindreverdskompleks. Ei uhyggjeleg bok, på same måte som George Orwells 1984.

Huxley var ein produktiv forfattar, med romanar, essay, skodespel osv., men eg har i alle fall ikkje lese noko anna av han enn nettopp denne boka. Han døydde den 22. november 1963, same dagen som John F. Kennedy vart drepen, og det var vel grunnen til at det ikkje vart dei store overskriftene i avisene i samband med dødsfallet.»

Vedunderlege svar på oppgåve 1331 fekk eg frå: John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Jon Grepstad, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Audun Gjengedal, Tor Inge Myren, Torleiv Kløve, Per Skjæveland, Inger Anne Hammervoll, Vigdis Hegna Myrvang, Gunder Runde, Signar Myrvang, Olav Holten, Birte Næsheim, Sverre Hetland, Sidsel Spilde, Jone Frafjord, Jorunn Røyset, Sjur Joakim Fretheim, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Ottesen, Bjørn Myrvang, Eli Hegna, Jan Alfred Sørensen, Odd Storsæter, Turid Tirevold, Gunnar Bæra, Eirik Holten, Bjørn Gjermundsen, Truls Johan Horsberg Hoff, Laura Killingbergtrø, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Kirsten Bakke, Eva Sunde, Asbjørg Apalset, Jorunn Øxnevad Lie, Else Bovim, Ove Bjørkhaug, Anne-Marie Grønhaug, Dei kvasse på Fana, Fritjof Lampe, Olav Molven, Robert Øfsti, Ingebjørg Sogge, Kari Lønning og Ottar Aarø, Ingvar Engen, Tore Skjæveland og Torleik Stegane. Bokvinnar i dag: Torleik Stegane. Gratulerer!

Til sist ei oppklåring frå Odd Storsæter. Han skriv: «Brave New World tåler å bli lest om og om igjen. På norsk het den tidligere Vidunderlige nye verden. Men den siste utgaven har fått ny tittel: Fagre nye verden

Klok på bok 1333

Læraren gir meg skryt etter timen, seier at eg jobbar betre no. Kvart friminutt går eg til biblioteket og gøymer meg der til det ringer inn. Bruker tida på å gjere lekser, eller bla i bøker. Bibliotekaren er der også, følgjer meg med blikket dersom eg tek ei bok ut av bokhylla. Ventar på at skuledagen skal ta slutt, og eg kan begynne å leve.

Sitatet er frå side 101 i boklækjarutgåva (2016). Ein kjend argentinsk forfattar døydde same året som løysingsforfattaren vart fødd. Forfattaren er frå Hordaland, men bur no i Oslo. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 13. april.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Håvard Rem

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.

Foto: Warner Bros. Discovery

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Dyster dobbeldose

Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.

I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature
Hallgeir Opedal

Om Gud og lausriving

Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis