Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Høgtid med Hamsun

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4576
20241220
4576
20241220

Det er litt av kvart som kan seiast om året som no går mot slutten. Det er vel tvilsamt om 2024 skriv seg inn i historiebøkene med gullskrift. Men sjølv om mykje i verda har vore på vranga, har me nok alle saman hatt blide stunder også i år. Ofte er det lite som skal til for å snu ein mørk situasjon, her er eit døme, som sjølvsagt er skrive av Store-Knut: «En Fange sitter på sin Kærre og kører til Skafottet, en Spiker gnager ham i Sætet, han flytter sig og føler det mere behagelig.»

Her i bokstova er me straks i mål med julestria. Det vil seie at på portrettet av Hamsun heng nissehuva han er så glad i. No står det berre att å ynskje alle lesarane ei harmonisk høgtid og eit godt nytt år.

Før me avdukar årets kviss med Knut, skal me sjå på løysinga me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Ei nydeleg bok denne gongen (også), nemleg Per Pettersons roman Menn i min situasjon. Petterson vart fødd i 1952, då var det François Mauriac som fekk nobelprisen i litteratur. Han har levert ei perlerad av gode bøker, heilt frå debuten i 1987. Han har fått Nordisk råds litteraturpris, Kritikarprisen (2 gongar), Brageprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen, i tillegg til fleire internasjonale prisar (han er omsett til meir enn 50 språk). Han lar det gå eit par år mellom kvar ny bokutgjeving, vi skjønar at han ikkje leverer frå seg halvgodt arbeid! Dagens bok handlar om ekteparet Arvid Janson og kona Turid, og dei tre døtrene Vigdis, Tine og Tone. Ekteskapet går det ikkje så bra med – Turid tar med seg jentene og flyttar ut, og Arvid går nesten til grunne av same årsak, Dei to yngste døtrene får vi ikkje vite så mykje om, derimot står Vigdis sentralt i boka. Sjette del av boka (kapittel 29–30) er noko av det vakraste eg har lese. Eg ventar spent på neste bok av Petterson!»

Cathrine Tumanjan Mortensen skriv: «Romanen er meget god, etter lesning håper jeg fortsatt at Arvid skal få det godt i livet. Altså må Per Petterson skrive flere romaner.»

Cathrine Bore skriv: «Virkelig god bok av fantastisk forfatter i ukens oppgave.»

Desse klokingane meistra situasjonen og leita fram rett svar på oppgåve 1654: Eli Winjum, Ivar Amdal, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Fritjof Lampe, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Ragnhild Eggen, John Dag Hutchison, Per Trygve Karstensen, Cathrine Bore, Cathrine Tumanjan Mortensen, Inge Strand, Jan Erik Røed, Audun Gjengedal, Liv Sundheim, Kjell Helge Moe, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Jorunn Røyset, Thana Rongen, Olav Holten, Nils Farstad, Marit Skytterholm, Inger Margrethe Berge, Eirik Holten, Arve Kjøstvedt, Gunder Runde, Gunnar Eide, Frode Torvund, Sigrun Gjengedal Ruud, Irene og Tore på Tranby, Sissel Gunnarshaug, Torleik Stegane, Nina Korbu, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar i år vart Jorunn Røyset. Gratulerer!

Klok på Knut 1656

1. Hovudpersonen i Sult fortel om ei salmebok som går på straum, men kva er det fulle namnet på mannen bak denne makelause oppfinninga?

2. Ein stad i Mysterier har Johan Nilsen Nagel ein raptus der han gjev Dagny Kielland eit nytt førenamn. Kva er det nye førenamnet?

3. I Pan har Thomas Glahn eit erotisk møte med ei gjetarjente. Kva heiter ho til førenamn?

4. I reiseskildringa I Æventyrland er Hamsun på tur med den dåverande kona si, Bergljot Bech. På ein jernbanestasjon gløymer Bergljot eit klesplagg. Kva for plagg var det ho ikkje fekk med seg på resten av reisa?

5. Kva er tittelen på novella der ein av hovudpersonane døyr etter at ei åre knekk?

6. I eit juleselskap heime hos Ferdinand Mack på Sirilund kan ein av gjestene straks sjå at eit målarstykke er ei skildring frå ei øy i Middelhavet. Kva er det som får gjesten på sporet?

7. I ei av bøkene i vandrartrilogien skriv Hamsun: «Saa meget Teatervæsen er der i ethvert Menneske, man smigres ved at bli holdt for mere end man er.» Kva bok skal me fram til?

8. I Markens grøde spelar lensmann Geissler ei viktig rolle for Isak Sellanrå. Geissler fer fleire gonger til Sverige, men kva län i nabolandet er det han reiser til?

9. I Men livet lever opptrer ein figur som vert kalla Altmulig. Kva er denne personens rette namn?

10. Ein stad i Paa gjengrodde stier skriv Hamsun at han to gonger har stått i kjellaren for å setje eld på eigne dikt. I kva for to norske byar skal dette ha skjedd?

Send svar på minst 8 av dei 10 spørsmåla til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 4. januar 2025.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis