Høg prisklasse
Så vart det vanskeleg. Ja, eg tenkjer på løysinga me skulle fram til i dag. Ei god stund såg det faktisk ut til at det kunne verte ny verdsrekord i stutt namneliste her i bokhjørnet. Fyrst torsdag losna det, og deretter kom det eit lite skred med rette svar. At nokon har snakka saman på slutten av veka, treng ein ikkje vere Sherlock Holmes for å rekne ut. Men det er det jo slett ikkje noko gale med. Sant å seie oppmodar eg folk til å snakke meir om litteratur og mindre om mykje anna.
Når eg skreiv «verdsrekord» i førre avsnittet, var det sjølvsagt med tanke på tida boklækjaren har vore redaktør for spalta her. Eg skal ikkje gjere meg klok på kvifor det kvar veke strøymer inn med svar til oss her i bokstova, men at begeistringa for litteratur er stor hjå mange lesarar av Dag og Tid, nyttar det ikkje å vri seg unna. Kva skulle forresten poenget vere med det?
No passa det fint at det var nett i dag namnelista kom ned på berre 27 innsendarar. I veka som kjem, skal eg forhandla løn med bladstyraren, og som dei faste lesarane veit, finst det i redaksjonen ein slags vyrdsam vanvyrdnad når det vert for mange innsendarar som finn fram til løysinga. Kan hende vert spalta i dag utslagsgjevande i boklækjarens favør. Håpet er det siste som døyr.
Sjølv stødige Laurits Killingbergtrø sleit med å finne løysinga denne gongen. Han skriv: «Eg satsa litt feil da eg gjekk ut frå tipsa frå boklækjaren. Eg gav meg til å kombinere alle forfattarar som var fødde i ymse hundens år, med bøker som kom ut i 2016 og omsette bøker til norsk i 2018. Etter mange timars bal var eg like blank. Men så las eg vidare at ’boklækjaren set stor pris på denne boka’. Ja vel, ja, så boka har fått ein pris; da blir det heile meir velkjent. I 2018 fekk den islandske forfattaren Audur Ava Ólafsdóttir Nordisk råds litteraturpris for romanen med den stutte tittelen Ör. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at ’boka er full av underfundig humor og eit språk som gneistrar av liv, samtidig som ho stiller djupe spørsmål om liv og død’. Mellom meldarar og lesarar i Noreg har boka fått mesta samstemt positiv omtale. Boka kom ut i 2016. Den norske omsetjinga frå 2018 av Tone Myklebost har tittelen Arr.»
Randi Brenden skriv: «Dette utdraget vekte attkjenning i meg: Desse linjene har eg faktisk lese, og tydeligvis for ikkje så lenge sidan heller. Men kor??? Stikkordet ’hundens år’ fekk meg til å tenke på Kina, men det vart ikkje riktig likevel: Boka eg hadde i tankane, er eldre enn frå 2018/2016. Eg var innom fleire vinnarar av Nordisk råds litteraturpris, utan å finne noen som vart født i hundens år. Endelig slo det meg (da eg såg gjennom historikken min i mappa mi på biblioteket, må eg vedgå): Forfattaren er ein heilt ny prisvinnar, og om fødselsdatoen hennes fell innafor det kinesiske hundens år, får eg ikkje enkelt stadfest ved hjelp av Google, for her er bare fødselsåret oppgitt, ikkje datoen. Men Medikus Libri veit vel kva han gjer, og i alle fall stemmer sitatet med det som står øvst på side 196. Svaret er altså Audur Ava Ólafsdóttir: Arr»
Ja, Randi Brenden, eg trur eg har mitt på det tørre når det kjem til hundens år. I 1958 byrja hundens år den 18. februar og vara til den 7. februar, 1959. Eg fann heller ikkje fødselsdatoen til forfattaren, men eg fekk ein islandsk ven til å undersøkje saka, og Helgi hevdar at Audur Ólafsdóttir er fødd heilt i slutten av april 1958. Sidan Helgi er islending, fell det naturleg å ta påstanden for god fisk.
Eg vonar det var utan arr på sjela desse fann fram til løysinga på oppgåve 1362: Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Gudrun Kringlebotn, Gunn Bull-Berg, Eli Winjum, Jorunn Røyset, Janneken Øverland, Eli Hegna, Randi Brenden, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Per Trygve Karstensen, Per Skjæveland, Ingebjørg Sogge, Ingvar Engen, Tor Inge Myren, Petter Kristensen, Laurits Killingbergtrø, Turid Tirevold, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Torleik Stegane, Olav Molven, Fritjof Lampe, Tvillingene, Sjur Joakim Fretheim og Odd Storsæter. Denne gongen sender me ein bokpremie til Tvillingene. Gratulerer!
Klok på bok 1364
Hun satt med et krus sterk, søt te mellom hendene, og hun smilte mykt framfor seg. Denne morgenen lignet hun på en niåring som hadde våknet fra et mareritt. Og sånn satt det stakkars barnet der og ventet på at klokken skulle bli mange nok, så hun kunne gå ut og møte de store guttene.
Sitatet er frå avslutninga på ein roman som på originalspråket kom ut i 1985. Mange vil meine at tittelen på boka er sjølvmotseiande, men det er ikkje eit argument me kan bruke mot skjønnlitteraturen. Forfattaren er nobel. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha føre- og etternamnet på faren til hovudpersonen i boka. Send heile namnet på far, på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. desember.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.