Herr TesteDet er mykje som er urettvist i verda. Eitt døme er når ein ikkje vert invitert på fest. I år fekk eg ikkje invitasjon til hagefest hos Aschehoug. Ikkje i år heller. Det er menneskeleg å feile, invitasjonen vart vel send til ei gamal adresse, og
Det er mykje som er urettvist i verda. Eitt døme er når ein ikkje vert invitert på fest. I år fekk eg ikkje invitasjon til hagefest hos Aschehoug. Ikkje i år heller. Det er menneskeleg å feile, invitasjonen vart vel send til ei gamal adresse, og det finst det tilgjeving for. Dessutan er det ikkje så nøye med denne vidløftige samankomsten i Oslo. Det som verkeleg svir, er at kollega Ragnar Hovland ikkje sørgde for at invitasjonen til Pappvinfestivalen i Jølster kom fram. Den feilen gjer du ikkje neste år, høyrer du, Hovland?
Oppgåve 1351 vart ein hard test for mange, men Gunder Runde strauk ikkje til eksamen. Han skriv: «Paul Valéry (1871–1945) var ein særmerkt forfattar. Her i landet er han kanskje best kjend som lyrikar, men i heimlandet Frankrike er nok hans innsats som essayist/filosof meir verdsett. Han skreiv dikt i tradisjonen etter Mallarmé, best kjend er nok det lange diktet La Jeune Parque (1917) og samlinga Charmes frå 1922. Av einskilddikta hans er vel ’Le cimetière marin’ best kjent (norsk tittel ’Kirkegården ved havet’). Dette diktet inspirerte Fartein Valen til eit av hans viktigaste musikalske verk med same tittel. Men han skreiv mange essay, oftast med filosofisk vinkling, og eit av desse er gitt ut i form av roman, nemleg dagens Kpb-bok Herr Teste, som vel må sjåast på først og fremst som eit filosofisk verk, med innslag av kona til hr. Teste (Émilie Teste), utdrag frå dagboka til hr. Teste, og diverse aforismar/visdomsord, der også abbeden og sjelesørgjaren til Emilie får kome til orde. Ei på alle måtar særmerkt bok. Valéry er blitt kalla ’un poète malgré lui’, dvs. ein poet mot sin vilje. Utdraget i dagens Kpb er frå eit brev som Émilie skriv til ’min manns venn’, og der ho skildrar dei mange uforklarlege sider ved mannen sin. Boksoga mi seier at mange meiner at monsieur Teste er eit portrett av diktaren sjølv, av ein mann som kan/veit alt, men som ikkje greier å realisere tankane og ideane sine.»
Jon Grepstad skriv: «Eg møtte Monsieur Teste første gongen for femti år sidan. Det var på Sydneshaugen i Bergen. Eg studerte fransk og hadde i universitetsbokhandelen kome over ei kommentarutgåve av Valérys diktsamling Charmes, diktsamlinga med diktet om havkyrkjegarden. Frå Charmes gjekk vegen vidare til Monsieur Teste. Om det var La Soirée avec Monsieur Teste frå 1896 eller ein av dei seinare tekstane, hugsar eg ikkje. Valéry skreiv jo fleire gonger om den intellektuelle monsøren. Posthumt vart tekstane samla og gjevne ut av Gallimard i 1946 under den konsise tittelen Monsieur Teste. Den cerebrale herren har namnet sitt frå gammal- og mellomfransk teste, dvs. hovud, eit ord som går tilbake til latin testa, eller leirkrukke (for å seie det enkelt), og som i moderne fransk altså er blitt til tête.»
Desse bestod testen og fann løysinga på oppgåve 1351: Vigdis Hegna Myrvang, Truls Songstad, Bjørn Myrvang, Eli Hegna, Gunder Runde, Hildur Øvsthus, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Holten, Ove Bjørkhaug, Torleiv Kløve, Else Bovim, Jorunn Røyset, Kirsten Bakke, Ellen Lian, Gunnar Bæra, Turid Tirevold, Jan Alfred Sørensen, Pål Amdal, Laurits Killingbergtrø, Audun Gjengedal, Laura Killingbergtrø, Per Trygve Karstensen, Fritjof Lampe, Per Skjæveland, Gunn Bull-Berg, Rannveig Nordhagen, Folke Kjelleberg, Eirik Holten, Petter Kristensen, Robert Øfsti, Nils Ottesen, Signar Myrvang, Eva Sunde, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim, Brith Stensen, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Marit Lindberg, Olav Molven og Jon Grepstad. I dag er Kirsten Bakke bokvinnar. Gratulerer!
Denne gongen var det fleire av dei faste oppgåveløysarane som gjetta på at løysinga var Quo vadis av Henryk Sienkiewicz. Boklækjaren må diverre konstatere at dei gjekk seg bort.
Klok på bok 1353
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.