Boklækjaren har vore ei lita veke i Nordland sidan sist. Eg nytta høvet til ei fagleg streng og uformell antropologisk undersøking. Gjennom dei siste ti åra har eg vore på liknande oppdrag i Liguria i Italia, og no var tida inne for å samanlikne nordlendingen med norditalienaren. Det er overraskande funn eg kan melde om. For det fyrste har vi livsgleda. Nordlendingar syt ikkje. Dei har eit eige ord for folk som driv med det. Ordet byrjar på «syt», og siste delen av ordet sømer seg ikkje på prent her i Dag og Tid.
Så har du augekontakten. Nordlendingar kikkar på deg når han eller ho eller du snakkar. Det er ikkje skoa eller golvteppet dei er opptekne av når dei er i dialog. Ein tredje ting eg la merke til, er kor godhjerta nordlendingar er. Dei trur det beste om deg. Dei er interesserte i deg, og dei vil veldig gjerne prate med deg og høyre kva figur du no er. Desse tre hovudtrekka frå folk eg møtte i Nordland, finn eg òg att i oppsummeringa mi frå Liguria. Sjølv om det er omtrent tre tusen kilometer frå Mosjøen til Liguriahavet, er det ikkje skilnaden, men fellestrekka ein bit seg merke i.
Éin stor skilnad er det likevel, og det er språket. Eg har ikkje møtt italienarar som snakkar nordlandsdialekt, og det var heller ikkje mykje italiensk eg fekk høyre i Nordland. Den finaste skildringa av språkbruken hos nordlendingar er det naturleg nok Knut Hamsun som står for. I Landstrykere står det: «De pratet og pratet det over i sit forunderlige nordlandssprog, det var med mange påfaldende ord, uventede ord, det var ravgalt indtil kunst, men det uttrykte deres meninger.»
Så til løysinga på oppgåve 1335. Laurits Killingbergtrø skriv: «Artige tips frå boklækjaren denne gongen (òg), og dei var meir enn nok til å få løyst gåta. Litteraturåret 2013 ligg på Wikipedia, og den mest vassfylte tittelen der er Over det kinesiske hav. Forfattaren er sørlending så god som nokon; Gaute Heivoll er frå Finsland i fylket som ein gong heitte Vest-Agder. Den heite boka som kom i 2010, har tittelen Før jeg brenner ned. At den boka vekte åtgaum, er sikkert og visst, for ho er omsett til tjue språk. Forfattaren har markert seg godt i nyare norsk litteratur og har håva inn ei mengd prisar og vore nominert til like mange. Han står oppført med ein produksjon på 25 bøker, dei fleste romanar, men òg noveller, skodespel og barnebøker. Og mannen er enno berre 40 år. Boka det spørst om i dag, vantar i bokhylla mi, men det skal ikkje vare lenge!»
Rett svar på oppgåve 1335 fekk eg frå: Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Tor Inge Myren, Vigdis Hegna Myrvang, Gunder Runde, Gunn Bull-Berg, Jorunn Øxnevad Lie, Bjørn Myrvang, Birte Næsheim, Kari Lønning og Ottar Aarø, Ola Sletvold, Magnus Bernhardsen, Per Skjæveland, Per Trygve Karstensen, Ingebjørg Sogge, Robert Øfsti, Kirsten Bakke, Ståle Ritland, Inger Anne Hammervoll, Sjur Joakim Fretheim, Ingvar Engen, Gunnar Bæra, Tore Tomren, Eli Hegna, Gjertrud Fanebust, Bjørg Ladehaug, Åshild Apalset, Marianne Hoff, Marianne Dahl, Eli Seim, Jakob Olimstad, Torleiv Kløve, Hildur Øvsthus, Kari Aga og Hallgeir Dale, Kari Fjose, Else Bovim, Turid Tirevold, Odd Storsæter, Asbjørg Apalset, Bjørn Gjermundsen, Marit Lindberg, Reidar Birkeland, Rannveig Nordhagen, Eirik Holten, Folke Kjelleberg, Laura Killingbergtrø, Mette Ulland Lund, Tvillingene, Olav Holten, Hege Faust, Truls Johan Horsberg Hoff, Marta Kløve Juuhl, Olav Molven, Petter Kristensen, Ragnhild Eggen, Jan Alfred Sørensen, John Olav Johnsen, Tom Hetland, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, Lilly Anita Grimstad, Jorunn Røyset, Anne Berit Skaarer, Ove Bjørkhaug, Eli Winjum, Jan Olav Skaug, Anne Loe, Eva Sunde, Eiliv Olsen, Else Selman, Kari Rekdal, Signar Myrvang, Mimi Oust, Jan Egil Høie, Else Gjesdahl Sørensen og Anne-Marie Grønhaug. I dag er Marit Lindberg bokvinnar. Gratulerer!
Til sist ei orsaking: Førre veka kom eg til å skrive namnet til Olav Molven med usynleg blekk. Det var ikkje fint gjort. Han hadde svara heilt rett i god tid før fristen. Boklækjaren vil insistere på at dei som fryda seg over at Molven ikkje var til å få auge på, no trekkjer attende begeistringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.