Gravlund på Grønland

Publisert

Me er mange som har mykje å takke Olav H. Hauge for. At han vert ståande som ein av dei mest vesentlege lyrikarane i litteratursoga her til lands, seier seg sjølv. At han var ein viktig omsetjar, er òg heva over all tvil. Boklækjaren vil dessutan takke Hauge for dagbøkene. Etter mi meining inneheld dei eit snøvêr av språkjuvelar.

Når Olav H. reflekterer over eigen eksistens i dagbøkene, er det lite pompøst som vert produsert. Den 26. november 1975 skriv han: «’Europearen i Ulvik’ er eg kalla i den nye litteraturhistoria til Cappelen. ’Heimfødingen i Ulvik’ hadde vore rettare.»

Til sist må me hugse å ikkje gløyme at utan Olav H. Hauge hadde det neppe vore nokon poesifestival i Ulvik.

Frå ei frodig fruktbygd i Hardanger skal me til eit kaldare klima i løysingsboka denne gongen. Ingebjørg Sogge skriv: «Da Niviaq Korneliussen nyleg tok imot Nordisk råds litteraturpris for romanen Blomsterdalen, nytta ho høvet til å gi styresmaktene på Grønland nokre reale verbale lusingar. Boka handlar m.a. om dei skyhøge sjølvmordstala på øya, visstnok av dei verste i verda. I takketalen, som ho retta til barn og unge i heimlandet, sa ho mellom anna: ’Jeg forsøgte at skrive en tale til mit lands ledere, men det er jo som å snakke til en mur. – Vi har et system, der svigter jer gang på gang, når I allermest har brug for hjelp.’ Blomsterdalen har 45 kapittel, eitt for kvar person som tok livet sitt i 2019, og fleire av dei unge i romanen slit med å finne fotfeste. Boktittelen viser til ein kyrkjegard på Aust-Grønland der dei namnlause gravene er dekte av plastblomstrar, eit sterkt bilde på korleis samfunnet handterer problemet: med forteiing og tabuisering. Men Korneliussen nektar å halde munn, ho leverer beisk sivilisasjonskritikk med stort engasjement og mykje mørk humor. Så får vi håpe det hjelper.»

Gunder Runde frå Ulsteinvik skriv: «Når boklækjaren ikkje gir tydelege tips, må ein vere på vakt! Då gjeld det å finlese (mellom linjene, stundom). Etter å ha grubla litt på rammen, (sannsynlegvis islandsk, tenkte eg), funderte eg vidare på uttrykket ’utan tvil – nordisk’. Og sjølvsagt: svaret er: vinnaren av årets nordiske litteraturpris, nemleg Blomsterdalen av grønlandske Niviaq Korneliussen. Ho er fødd i 1990, det året meksikanaren Octavio Paz fekk nobelprisen i litteratur. Litt problem med å stadfeste sitatet. Bok-bit-kjelda mi har lang ventetid på boka, så dermed måtte eg til U-vik sentrum. Bokhandel nr. 1 hadde ikkje inne boka (’men me kan tinge henne’), men bokhandel nr. 2 hadde faktisk fått inn eitt eksemplar, og dermed fekk eg stadfesta at eg hadde funne fram til rett svar. Kjekt at ein grønlendar fekk prisen, for første (eller andre?) gong. (Parentesen gjeld Kim Leine, som tre land kjempar om å kalle ’sin’, Grønland, Danmark og Noreg. Eg synest nok han må reknast som grønlandsk, ut frå emnekrinsen i bøkene hans.)»

Petter Kristensen skriv: «En bok jeg gleder meg til å lese!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement