God lus!Ja, hausten er her, brå og lunefull, og myten om at ein million lus brått kryp fram frå ein gøymestad og opp i hovudet på folk, får (seks) bein å gå på. Dei som har ungar i grunnskulealder, får derfor eit strengt brev med krav om at alle må ta luse

Her ser du ein heilt vanleg, passe reinsleg norsk familie med lus. At folk blir skremde når vi seier at vi har lus, er underleg. Ei lus eller tusen tar ikkje livet av nokon.
Her ser du ein heilt vanleg, passe reinsleg norsk familie med lus. At folk blir skremde når vi seier at vi har lus, er underleg. Ei lus eller tusen tar ikkje livet av nokon.
Publisert

Ja, hausten er her, brå og lunefull, og myten om at ein million lus brått kryp fram frå ein gøymestad og opp i hovudet på folk, får (seks) bein å gå på. Dei som har ungar i grunnskulealder, får derfor eit strengt brev med krav om at alle må ta lusekammen fatt, og helst ei bestemt helg i september. Brevet inneheld gjerne eit bilete av eit monster av ei lus – ei lus som heldigvis ikkje lever, fordi ho blei drepen i fjor haust. (Brevet seier ingenting om kva hovud lusa på biletet har soge blod av, men det ligg mellom linjene at ho har slekt og venner som syg blod av eit hovud nær oss, og det er mogleg dei syg blod av vårt eige hovud mens vi les brevet og tenker: «Vi får ikkje lus. Vi har pengar og dusjar og bruker dyr sjampo.»)

Med andre ord er det uhyggeleg, brevet ein får eit par veker etter skulestart. Og for språknerdar er det ekstra urovekkande. Mange lusebrev er nemleg skjemde av språkfeil, kanskje fordi dei som skriv brevet, har lus sjølv: Dei klarer ikkje å skrive rett og ordentleg fordi dei må klø seg i hovudet mens dei skriv. Sjølv fekk eg årets haustlusebrev for eit par veker sidan, og der fekk eg til og med feil namn. «Hei, lusekampanje», skreiv dei.

Heiet blei følgt av rekordfå ord: «1.–2.september 2018 se vedlegg.»

Skumlare blir det ikkje. Den som skreiv dette brevet, må ha hatt uhyrleg med lus, rett og slett. Og apropos «rett og slett», så trivst lusa like godt i krøllar som i rett og slett hår, seier luseekspertar.

Apropos «trivst», så har halvparten av befolkninga hatt lus. I Sverige er raten visstnok 59/41. Så pass på om det er der du handlar ølsjampoen din.

Kanskje dei har meir lus i Sverige fordi dei betaler meir skatt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement