JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Gertrude sov som ein Stein

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4351
20181109
4351
20181109

Her i bokstova konstaterer me eit drastisk fall i talet på rette svar denne veka. Kan hende kjem det av ein inkurie, svarfristen var av uransakelege årsaker sett til laurdagen etter at Dag og Tid nr. 43 kom ut. Då vert det vanskelegare, ikkje minst for dei som fyrst får avisa på måndag. Orsak for slurveskap, fristen er sjølvsagt på minst åtte dagar.

Normalt er hinta i oppgåva noko som gjev godlåt hos lesarane. Denne gongen var det fleire som undra seg over at eg påstod at forfattaren må ha sove svært godt. Eg held fast i mistanken om at Gertrude sov som ein Stein.

No var det ikkje berre svarfristen eller det håplause hintet som fekk oppgåveløysarane til å gå i hundane. Boklækjaren nytta «lurespørsmålet» til å etterlyse namnet på ein hund som hovudpersonen hadde då ho var nesten 16 år gamal. For folk som ikkje har lese løysingsboka, kan det mogelegvis verke som ei enkel oppgåve å finne ein hund i ein tekst, men det er lettare sagt enn gjort når det vrimlar av hundar i romanen.

Sjur Joakim Fretheim skriv: «Hello, Dr. Book. Svaret på Kpb-1360 lyt vere verket Ida av Gertrude Stein. Og så var det namnet på hunden, då. Det er ikkje berre éin hund, men eit rikt utval av hundar som har fått plass i boka om Ida. Nokre er Ida sine eigne og nokre høyrer til andre, men som eg les frå boka: ’ho hadde alltid ein hund, på kvar adresse hadde ho ein hund og hunden hadde alltid eit namn og ein gong hadde ho ein og den heitte Iris.’ Men svaret er nok ikkje Iris, hunden som var redd for regnet. Inkje heller er det den sandfarga pekingesaren Sandy, som vart køyrd over av ein bil. Ikkje er det den svarte franske puddelen Dick, som stal egg, og ikkje kinesiske William som var Christine sin hund. Det er korkje Korg, Claudine, Prins, Aldri Sove, Polybe eller den lille franske bullen som heitte Lillemann og som ikkje var velkomen. Og det er heller ikkje foxterrieren Mary Rose, som fikk kvalpane Sjokolade og Blanchette. Kven var det då? Jo, det var sjølvsagd hunden ’Kjærleik’, som var nesten blind. Hunden heiter Love i originalutgåva, men omsetjaren har valt å omsetje namnet, og det er vel lov. Sjølv jakta eg slik på hundenamn at eg ikkje blei var at eg nesten hadde lese meg gjennom heile boka som ved eit hugskot. Takk for ei fin og rar bokrøynsle.»

Robert Øfsti fann dei same hundane som Fretheim, og han skriv vidare: «Det er ikkje lett å lese denne teksten og vere sikker på at ein får med seg kvart einaste ord. Per Olav Kaldestad seier i føreordet at dette er ein kubistisk roman. Det synest eg ikkje det er. Eg synest det er meir som ein Jackson Pollock-roman. Nett slik Jackson Pollock la store lerret på golvet og dansa rundt med målingsspann med hol i og lange penslar og berre let det renne over, slik ser eg for meg at Gertrude Stein berre let det renne ut lange trådar med tekst som legg seg over og under kvarandre i ein tett vev. Og innimellom blir det veldig vakkert der trådane kryssar kvarandre.»

Denne gongen var svaret altså skrive i – eller av – Stein. Desse tyda skriftteikna og fann løysinga på oppgåve 1360: Vigdis Hegna Myrvang, Torleiv Kløve, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Laura Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Ola T. Bjørntvedt, Jorunn Røyset, Ove Bjørkhaug, Else Bovim, Petter Kristensen, Sjur Joakim Fretheim, Gunnar Bæra, Truls Songstad, Inger Anne Hammervoll, Tor Inge Myren, Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Ottesen, Per Skjæveland, Asbjørg Apalset, Eli Winjum, Turid Tirevold, Ingebjørg Sogge, Per Trygve Karstensen, Olav Molven, Truls Johan Horsberg Hoff, Robert Øfsti, Kjell Helge Moe, Ingvar Engen, Inger Margrethe Berge, Berit Horsberg, Eirik Holten, Gjertrud Fanebust og Olav Holten. Bokvinnar i dag: Ingebjørg Sogge. Gratulerer!

Klok på bok 1362

– Ja, jeg sang i kor selv engang, sier jeg. Jeg ble faktisk kjent med kona mi – den forhenværende – i koret.

Jeg hadde kunnet legge til: Det var den gangen jeg fortsatt ikke eksisterte.

Hva om han så ville spørre: Men nå da, eksisterer du nå?

Sitatet finn me på side 196 i boklækjarutgåva (2018). På originalspråket kom boka ut i 2016. Forfattaren er fødd i hundens år. Boklækjaren set stor pris på denne boka, og det er eg ikkje aleine om. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 17. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den nyvalde presidenten i Indonesia, Prabowo Subianto (til venstre), i følgje med den avtroppande Joko Widodo går til innsettingsseremonien i presidentpalasset i Jakarta.

Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTB

Ordskifte

Ny president i Indonesia

«Indonesia har no fem års presidentperiodar, med høve til attval éin gong, liksom USA – for å blokkere for nye trettiårspresidentar som Soeharto.»

Lars S. Vikør

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

ArildBye

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis