JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Fram frå gløymsla

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4593
20231124
4593
20231124

Førre veke avslutta Klok-redaksjonen ei segnomspunnen undersøking der folk kunne røyste fram kven som fortente, men ikkje fekk Nobelprisen i litteratur i åra mellom Sigrid Undset og Jon Fosse. I ettertid har det blitt eit folkekrav frå lesarane å få vete kva for kandidatar boklækjaren ville trekkje fram.

Når så mange, litt mindre enn ein, ynskjer innsyn i mi meining i ei så alvorleg sak, ville eg vel vore eit skarn om eg nekta å svare. Jamvel om eg ikkje hadde røysterett, har eg sjølvsagt ei haldning: Utan skugge av tvil ville Olav H. Hauge fått mi stemme. Skulle eg ta med ein slengjar frå bokmål, ville han gått til Kjell Askildsen. Så fekk me det på plass.

Når no lesarane har vist seg å vere så nyfikne etter å få vete noko om boklækjaren, har eg ei lita gåte til dykk. Eg var på ekskursjon i utlandet sist helg, men kor var eg? Hintet er: Trass i namnet på området eg var i, var eg i eit anna land. Løysinga finn du lenger ned i spalta.

Så skal me sjå på svaret me skulle fram til denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg tenkte verkeleg å teie still denne gongen, men eg må berre gle meg saman med dykk (fåe?) som også har funne boka og har ho i hende. Eg sleit med det jamvel her i storbyen. Ikkje var ho tilgjengeleg for lesing på nettet. Ikkje fanst ho i dei store bokhandlane (‘utseld frå forlaget’), og ikkje var ho på det største biblioteket Deichman. Einast den vesle filialen på Tøyen hadde eitt eksemplar. Eg drygde nokså lenge før eg fór dit, men heldigvis hadde ikkje nokon av dykk snappa ho. Bibliotekaren fann fram boka, ja, og vi las i kor ‘så bare gråt så mye du vil’, ho frå boka side 208, eg frå Klok-spalta. Etterpå røynde eg at dei også har så gode kaker på kafeen der på Tøyen; slikt må feirast, må veta. Men eg gløymer meg visst bort. Boka, ja, ho er skriven av David Foster Wallace og har tittelen Glemsel i norsk omsetjing. Og den etterlyste stesystera i novella «Gode gamle Neon» heiter Fern (side 172).»

Erik Steineger skriv: «Til tross for novellesamlingens tittel, er dette en novelle man aldri glemmer. I ettertid blir den ofte tolket som forfatterens avskjedsbrev, siden novellens jeg-person omtaler sitt eget selvmord, og forfatteren selv begikk selvmord fire år etter at den ble publisert. En novelle som borer dypt i ensomhet og vår bedragerske natur i håp om å bli likt.»

Nina Korbu skriv: «Denne gang var det en forfatter jeg ikke har lest noe av tidligere – en amerikansk forfatter som døde ung, bare 46 år gammel: David Foster Wallace (1962–2008). Det var novellesamlingen hans Oblivion, eller som den kalles på norsk: Glemsel, oversatt av Preben Jordal. Sitatet er hentet fra novellen «Gode gamle Neon», og stesøsterens navn er Fern. Jeg leser novellen nå, og det er ganske heseblesende med de tettskrevne sidene uten mange avsnitt – men det er spennende og annerledes. Han snakker direkte til oss leserne.»

Denne gongen var det mange som svara feil på ekstraspørsmålet. Ein lyt lese oppgåva nøye før ein sender inn svar. Eg bad nemleg om namnet på stesystera i novella sitatet var henta ifrå. Difor kan eg ikkje godkjenne andre stesystrer enn ho. Berre 19 innsendarar fann fram til Fern, som var namnet på rett stesyster i oppgåve 1602. Desse hadde Fern-kontroll: Ragnhild Eggen, Signar Myrvang, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Erik Steineger, John Dag Hutchison, Paul Henrik Hage, Per Trygve Karstensen, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Reidar Birkeland, Robert Øfsti, Marta Kløve Juuhl, Else Gjesdahl Sørensen, Inger Margrethe Berge og Nina Korbu. I dag sender me bokpremien til Mo i Rana og til Per Trygve Karstensen. Gratulerer!

Løysinga på gåta om kor boklækjaren no har ferdaminne frå, var Saarland i Tyskland. Det var vel ikkje så vanskeleg?

Klok på bok 1604

De drakk glassene helt ut, vel vitende om hva hver enkelt tenkte, og de hadde følelsen av å ha sett inn i tilværelsens ufyselige, gapende tomhet, der ønskedrømmene deres var blitt borte, og der de selv sporløst skulle forsvinne en for en.

Sitatet er frå avslutninga på ein roman som på originalspråket kom ut i 1910. Boklækjarutgåva er frå 1993. Forfattaren var frå eit av dei nordiske landa og døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein kvinneleg forfattar. Ein stad i boka vert det diskusjon om dramatikarar, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på nobelprisvinnaren blant desse skodespelforfattarane. Send namn på nobel dramatikar, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis