Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Norske matskattar nr. 89: «mør med chips»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2311
20250110
2311
20250110

Ein noko særprega matskatt opnar det nye året for Innsida si evige spalte. Denne gongen skal me til Ørsta og noko av ein lokal favoritt. Eigentleg heiter det morr, men sunnmøringane seier både mår og mør.

Alle sunnmøringar likar morrpølse, enten ho er fersk eller speka. Morr i fersk utgåve er ei grov pølse med svinekjøt og spekk, og han er eit viktig innslag i jola for mange sunnmøringar. Spekemorr kan gjerne ha både storfe og får i seg. Han vert ofte røykt.

Innsida var tradisjonen tru ein tur innom Ørsta før jol og den populære Landbrukskonferansen, som i tillegg til fagleg påfyll og inspirasjon inkluderer ein stor jolemiddag med lokalt pinnekjøt, morrpølse og eit rekordstort dessertbord.

Alt saman laga av elevane på restaurant- og matfag på Ørsta vidaregåande skule, rettleia i gode lokale mattradisjonar av lærar Trond Urkegjerde.

Denne samlinga er ein matskatt i seg sjølv, men Innsida skal denne gongen trekka fram den kulinariske hendinga kvelden før. Då var det oppvarming på Ørsta Camping, som har ein triveleg kafeteria der Vivian Ose Flø styrer. Ørsta Camping har ei soge som går attende til 1960-talet, og er fleire gonger uoffisielt kåra til Sunnmøres trivelegaste campingplass. Her får ein både rask mat og heile måltid.

Sju dagar i veka kjem trufaste morrentusiastar innom for eit raskt lokalt måltid, enten på veg til eller frå jobb.

Morren skal vera frå Odd Bjarne Bjørdal på Samundegarden. Odd Bjarne har sauene sine inst i Hjørundfjorden. Det såg ut til at chipsen, eller pommes fritesen, som det heiter, var produsert på Gjøvik, utan at det var spesifisert. Begge delar av denne retten vert fritert.

Morr med chips kjem i liten og stor porsjon. Innsida tok den vesle. Det var meir enn nok, men ein gjeng arbeidskarar som var innom på same tid, gjekk alle saman for stor porsjon, og det såg ikkje ut til å by på problem.

Spekemorr har lange tradisjonar på Sunnmøre, men varianten med chips er nok av nyare dato.

Ifylgje eit Facebook-innlegg hevdar Olve Øyehaug frå rockebandet Olve Ivars at det var svolten som gjorde at dei laga den lokale hiten «Chips med mår» i 1990.

Uansett om ein seier mør eller morr, bør ei reise til Ørsta innehalda ein tur innom Ørsta Camping og denne matskatten som kombinerer gamle tradisjonar og moderne rask mat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis