JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Norske matskattar nr. 57: tang og tare

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2010
20220311
2010
20220311

Ei gamal, men aktuell råvare i vårt ressursrike land er tang og tare. Det heiter seg at vikingane fekk i seg sunn kost ved å tørka den raudbrune tanga. Det var næring dei trong. Seinare vart tang ein del av fôret dei gav til dyra langs kysten vår. Ein viktig ressurs som på mange måtar gjekk i gløymeboka i vår moderne tid.

Dei enorme mengdene som veks langs kysten vår, er verkeleg ein ressurs. Det er det folk som tek tak i. Fleire stader i landet har hausting av tang vorte ein spanande leveveg. Me er velsigna med mange ulike artar som kvar for seg har ulike eigenskapar. Men felles for dei alle er at dette er både næringsrik og sunt.

Ein av dei få som plukkar viltveksande tang og tare, er Lofoten Seaweed på Leknes. Her har to driftige damer, Angelita og Tamara, gjort dette til ein spanande leveveg. Angelita er fiskardotter frå det vesle fiskeværet Napp, medan Tamara vaks opp med japansk mor på New Zealand. Mor hennar serverte tang og tare til kvart einaste måltid.

Ein av favorittane dei sender ut i verda frå fjøresteinane, er trøffeltang. Det er ein raud alge som har hårete utsjånad og svært god smak. Trøffeltang veks på vanleg grisetang og heiter eigentleg grisetangdokke. Han kan verta om lag 5 cm lang og veg nesten ingenting. Når han er fersk, luktar han trøffel. I tørka form har trøffeltangen vorte eit populært krydder som ein kan bruka i sausar eller strø på fiskerettar.

I Lofoten kan ein hausta tang heile året. Som med andre vekstar er det mange artar som kan brukast på ulikt vis. Dei flotte pakkene har vorte populære, ikkje minst hjå kokkar i inn- og utland. Den som reiser til Lofoten, vil sjå desse pakkene overalt. I daglegvarehandelen der oppe finn du til og med pasta med butare. Smakfullt og berekraftig frå havet.

I eit intervju med Aftenposten seier sjømatforskar Arne Duinker at Noreg har den beste kystlinja i verda, men me brukar altfor lite av det som finst i havet.

Men no kan du nyta nye smakar frå fjøra på Napp i Lofoten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis