JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Mai, ei oppsummering (!)

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2708
20230428
2708
20230428

I skrivande stund er det framleis april, ein månad eg ikkje har valt meg, og du vil kanskje dermed hevde at det er ein smule bråkjekt å oppsummere månaden mai såpass tidleg, men når du les dette er iallfall mai rett rundt hjørnet, og det er på høg tid med ei oppsummering av månaden. Mai er ein såpass føreseieleg månad at det ikkje skal by på problem i det heile. Så:

1.mai gjekk eg som vanleg i tog, saman med ein gjeng Sogndal-supporterar, saftkokarar av dimensjonar, under parolen ”Stao no pao!” Krava våre var meir pengar til spelarkjøp og at spelarane generelt sett må skjerpe seg.

Frigjeringsdagen fall i år på 8. mai, og då var det igjen tid for å gå i tog. Frigjeringstoget. Parolen denne gongen var opphavleg ”Aldri meir 8. mai”, men dette blei streka over og erstatta med ”Aldri meir 9. april”, etter ein del diskusjon.

9. mai hadde søster mi fødselsdag, og sterke krefter innan familien meinte på høgrøysta vis, at dette måtte markerast med eit tog. Eg kan med ei viss stoltheit fortelje at eg representerte motkreftene her, såpass sterkt at toget aldri kom ut frå stasjonen. Og det verka som søster mi var glad til.

17. mai går eg av prinsipp aldri i tog, av respekt for onkelen min, han Rasmus, som blei slått ned med kaldt blod i eit 17. mai-tog ein gong på 1950-talet og aldri kom heilt til hektene att. (Kanskje verd å nemne at bergensarane insisterer på at dei arrangerte det første 17. mai-toget, i juni 1814, eit spontant opptog, som dei kallar det, der dei for første gong framførte den lystige songen Madam Felle.) Det gledelege i år var at eg ikkje var kalla til å halde nokon 17. mai-tale, i rak motsetning til for nokre år sidan, då eg heldt ein opprivande 17.mai-tale i ei av dei mange heimbygdene mine, utan å bli kjeppjaga frå bygda. I år nøyde eg meg med å vere heime og konsentrere meg om det 17. mai eigentleg handlar om, sitje i ein god stol og drikke brennevin. Eg var spent på om den gamle naboen min, Jens Stoltenberg, ville gjere comeback som leiar av det lokale 17. mai-toget, men han var ikkje å sjå. No var det berre vanleg slaur i spissen for toget. Og er du vanleg slaur, så hjelper det ikkje mykje med flagrande 17. mai-sløyfer .

Ja, det var mai, ein månad som elles blei dominert av pollenallergikarar. Desse har eg ikkje altfor stor medynk med, då dei frivillig avstår frå å bruke det allergimiddelet som var det einaste som fanst i min oppvekst, allergin-coffein, også kjent som sjøsjuketablettar. Dei hadde den gunstige biverknaden at ein blei frykteleg søvnig av dei og kunne sove seg gjennom heile allergisesongen. I tillegg til at ein ikkje blei sjøsjuk om ein skulle ha seg ein tur på sjøen. Eg vil tru at dette maner til ettertanke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis