Finland I«Eit land med tusen sjøar som ligg ein stad i aust. Grensar til Noreg, Sovjetunionen og Sverige. Kjent for sin sisu, sin melankoli, sine skogar, sin komponist (Jean Sibelius), sine Leningrad Cowboys, sitt TV-teater, sin
«Eit land med tusen sjøar som ligg ein stad i aust. Grensar til Noreg, Sovjetunionen og Sverige. Kjent for sin sisu, sin melankoli, sine skogar, sin komponist (Jean Sibelius), sine Leningrad Cowboys, sitt TV-teater, sin innbördeskrig, sin tango og sin filmregissør (Aki Kaurismäki).»
Finland II
Jupp, det var lenge nok sidan eg hadde sett mine bein på den finske landjorda, så eg tenkte at det kunne vel vere på tide å prøve det på ny, då eg tidlegare har hatt mange gode erfaringar med det. Og for sikkerheits skuld tok eg med meg kjerringa som støttekontakt. Ho kan mange språk, og sjølv om finsk ikkje er eitt av dei, hindrar ikkje det henne i å snakke laus og til dels bli forstått.
Vi skulle besøke våre gamle venner Simo og Rauni, som vi knapt hadde sett på 20 år. Eg har ikkje noko bilde av dei, men iallfall ei teikning, frå 1995, og slik såg dei ut då.
No såg dei heilt identiske ut, bortsett frå at dei var blitt ørlite gråare i håret og hadde skaffa seg to psykopatiske hokattar. Eg visste ikkje at eg hadde katteallergi, men no veit eg det, og slik sett var dette finlandsopphaldet alt i alt ein nyttig lærepenge.
Finsk er elles ikkje av dei enklaste språka å lære seg, men viss du veit at «hej» betyr «hei», «kiitos» betyr «takk», «makkara» betyr «varm pølse» og «kalsarikännit» betyr å sitje heime åleine og drikke deg full i berre undertøyet, så kan du i grunnen det viktigaste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.