Feberklima– Nei, herregud, så pen De er da, barn. Det var i april månad, for 110 år sidan, at Knut Hamsun nytta desse orda då han møtte skodespelaren Marie Lavik for fyrste gong. Dei gjekk på
– Nei, herregud, så pen De er da, barn.
Det var i april månad, for 110 år sidan, at Knut Hamsun nytta desse orda då han møtte skodespelaren Marie Lavik for fyrste gong. Dei gjekk på Theatercafeen. Han bestilte portvin, og då Marie tok av seg hanskane, tok Knut om den eine handa hennar og sa: «Nei, make til englehender!»
Dagen etter det fyrste møtet kom eit bod til Nationaltheatret med 26 raude roser til Marie. Det gjekk mindre enn ei veke innan ho lova at ho ville gifte seg med han, og den 25. juni 1909 tok ho namnet Marie Hamsun.
Dette er ein stuttversjon av romantikk i røynda. Kan hende er det noko her og der som høyrer til i ei anna tid, men etter alt som har kome fram i desse #MeToo-tider, trur eg det finst fleire som også i dag kunne lære seg kunsten å kurtisere av Knut.
Så til Argentina og løysinga på oppgåve 1334. Tor Inge Myren skriv: «Samanta Schweblin fekk eg verifisert på Trondheim folkebibliotek i dag då eg lånte boka. Vaskesetelen kan skremme fanden på flat mark, ser eg. Feberdrøm er i gate med mareritt, og det kan verke som lesarane av boka iallfall vert mørkredde ei god stund etter at dei har lagt frå seg verket. Har passert side 15 i ettermiddag og kjenner litt av skjelven allereie.»
Ingebjørg Sogge skriv: «Nei, boka denne veka heiter ikkje Mareritt, men det er ei slik kjensle vi sitt att med etter lesinga. På den argentinske pampasen skjer det uhyggelege ting; fuglar, hestar og hundar døyr av uforklarlege årsaker, og menneska får høg feber, flekkar og misdanningar etter å ha vore i kontakt med – kva? Romanen er forma som ein dialog mellom David og Amanda som begge er offer for det ukjente stoffet. Ho er dødssjuk, og han prøver å finne ut kva som har skjedd med henne for å kunne avsløre årsaka til katastrofen. Det blir ikkje sagt beint fram, men vi anar etter kvart at vatnet er forgifta av plantevernmiddel, for midt i den dystre idyllen lyser soyaåkrane forførande friske og (gift)grøne. Folk forstår ikkje samanhengen og grip til hjelperåder dei ikkje har kontroll med, ein lokal healer behandlar dei sjuke med magisk-realistiske resultat. Boka har bakgrunn i frisleppet av vekstfremjande middel i soyaproduksjonen i Argentina, og er ei kraftig påminning til oss som lever i den illusjonen at vi har kontroll med miljøgifter og forureining. Dei første symptoma på skadeverknadene kan vera harmlause, men så er det plutseleg for seint. Eller er det ikkje det? Ein kunne verkeleg ønskje at det heile er ein Feberdrøm, som boka heiter på norsk. Forfattaren er argentinske Samanta Schweblin, og ho vart innstilt til Booker-prisen for prestasjonen. Det var vel fortent.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.