Engleskulen går vidareNRK kunne nyleg melde at prinsesse Märtha Louise skal leggje ned engleskulen sin. Men dette skal ein ikkje ta så altfor tungt. Den gamle skulekameraten min, Konrad – ja, det stemmer forbløffande, det er den same Konrad som eg før eg v

Publisert

NRK kunne nyleg melde at prinsesse Märtha Louise skal leggje ned engleskulen sin. Men dette skal ein ikkje ta så altfor tungt. Den gamle skulekameraten min, Konrad – ja, det stemmer forbløffande, det er den same Konrad som eg før eg veit ordet av det, skal ut på ny julekonsertturné med – og eg har bestemt oss for å ta over drifta for ein billig penge. Vi hadde først tenkt å kalle skulen EngleMet, men landa til slutt på Engleskolen II. Vi har alt no klar ei førelesingsrekke, der den noko åndsforlatne, men pengegriske advokaten min, Joachim Cappelen Damm, skal snakke om relevante ting under headinga «Änglar, finns dom?» (Ja, det skal av ein eller annan grunn gå føre seg på svensk, eit språk herr Cappelen Damm på ingen måte meistrar. Blir dette ein suksess, skal Konrad sjølv halde ei slags motførelesing med tittelen «Jävlar, finns dom?») Ja, dette er endeleg noko vi gler oss til, etter at vi har gått gjennom ein litt depressiv periode. Her er det berre å melde seg på frivillig, og folk som til vanleg held til utanfor Oslo-gryta, kan søkje bortebuarstipend.

Forretningsidé. No igjen? Ja, no igjen

Nei, det manglar ikkje akkurat på idear her i stova for tida. Det kan stundom koke litt over, i ein slik grad at kona mi antydar at litt færre idear kanskje ville føre til eit betre samliv. Ja, ikkje veit eg, men uansett: Eg skal søkje Innovasjon Norge pluss Norsk Kulturråd om midlar til å opprette ein slags kombinasjon av fornøyelsespark og temapark. Eller ein kombinasjon av Tusenfryd og Nasjonalbiblioteket, om ein vil. Og namnet har vore klart lenge: Hovlandland.

Her skal ein då kunne køyre karusell mens ein høyrer skodespelaren Even Stormoen lese, med tordenrøyst, utdrag frå den legendariske romanen Sveve over vatna. Eller ein kan køyre vassklie mens det folkekjære bandet Dei nye kapellanane speler songen «Over prærien».

Og enno er eg berre i planleggingsfasen (den har eg så langt brukt 1,7 millionar kroner på), så dette ser meir enn lyst ut. Og har eg alle gode makter med meg, kan eg invitere til opning av Hovlandland alt i oktober 2019.

Svenska Akademien, tilstandsrapport

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement