Ein god Dag
Kva dag har vi i dag? Eg vonar dei fleste kan slå fast at det er fredag når dei les dette, men utifrå kva ein god del innsendarar skriv, er det ikkje uvanleg at det går både dag og tid innan Dag og Tid ligg i postkassa. Somme stader verkar rett og slett ikkje postverket. Eit døme er på Nordmøre, der Inger Anne Hammervoll bur. Ho skriv: «Dag og Tid har i heile sommar komme i postkassa vår måndagar i staden for fredagar, så no har eg vent meg til å gjette bokgåter etter helga. Blir det overgang til fredagar igjen i haust, kjem eg sikkert til å klage over at bladet kjem for bardus på meg.»
No er det ikkje all verda boklækjaren får gjort med postdistrikta, men kan hende er det ei lita trøyst i at uansett kva dag det er, er Dag Solstad løysingsforfattaren denne gongen. Mange nemner Solstad som ein favoritt, og Ole F. Rødby konkluderer med: «Landets største nålevende forfatter.»
Også Marit Lindberg er begeistra. Ho skriv: «Dette var ei flott Klok-oppgåve! Det er ei stund sidan eg har hatt fokus på lektoren på Fagerborg vg skule. Elias Rukla lever livet sitt i Jacob Aalls gate, i lag med kona Eva Linde, ho som er nemnd i sitatet. Alt i dei første setningane i boka får vi vite kva slags type han er: ’Egentlig var han en litt fordrukken lektor i 50-årsalderen.’ Det er Dag Solstad som har skapt denne figuren, i romanen Genanse og verdighet (1994). Nokon har sagt at dette er ’Århundredets beste roman’.»
Robert Øfsti skriv: «Forfattaren med sånne flotte, lange snirklete setningar er Dag Solstad, og hovudpersonen er norsklærar Elias Rukla. Og det som skjer på side 94, er at Elias Ruklas beste ven Johan Corneliussen har forlate kona si, Eva Linde. Tre dagar seinare inviterer Elias Eva på middag… ’og hun fulgte ham hjem til hans leilighet i Jacob Aalls gate, og ble hos ham den natta. Elias Rukla var da 36 år og kunne ikke annet enn å riste forundret på hodet over all den lykke som så plutselig hadde vederfaret ham.’ ’Vederfaret’ – det er eit fint ord, sjølv om det ikkje er nynorsk.»
Det er år og dag sidan eg fekk så mange rette svar som på oppgåve 1349. Desse var ikkje sjenerte: Torleiv Kløve, Truls Songstad, Jacob Bull-Berg, Asbjørg Engebø Rystad, Gunnar Tore Larsen, Birte Næsheim, Janneken Øverland, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Sissel Galåen, Gunder Runde, Jon Grepstad, Brith Stensen, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Else Bovim, Ingvar Engen, Hallgeir Dale, Hege Faust, Rannveig Nordhagen, Gunnar Bæra, Sverre Hetland, Jorunn Øxnevad Lie, Robert Haugen, Ragnhild Eggen, Signar Myrvang, Eli Hegna, Tor Inge Myren, Kirsten Bakke, Petter Kristensen, Runar Singsdal, Lilly Anita Grimstad, Ellen Lian, Kristin Solbjør, Ove Bjørkhaug, Torill Borge Horneland, Odd Storsæter, Olav Holten, Ingrid Austlid Rise, Jorunn Røyset, Torleik Stegane, Harald Brynjulfsen, Pål Amdal, Christopher Messelt, Skeisebibliotekaren i LASK, Turid Tirevold, Eirik Holten, Tiril Bonnevie, Gunnhild Strømnes, Olav Molven, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Mads Braarud, Marit Lindberg, Norunn Askeland, Folke Kjelleberg, Eli Winjum, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Jørn Hansen, Brita Lundeland, Robert Øfsti, Bjørn Gjermundsen, Margrethe Alnes og Kim Stenersen, Ola Sletvold, Halvard Skeie, Kari Lønning og Ottar Aarø, Anne Berit Skaarer, Eva Sunde, Inger Ullestad, Truls Johan Horsberg Hoff, Fritjof Lampe, Sigrid Hiller, Ole F. Rødby, Lars Viking Sandberg, Per Olav Skjevdal, Eiliv Olsen, Sjur Joakim Fretheim, Inger Margrethe Berge og Inger Loneland. Bokvinnar denne gongen: Jacob Bull-Berg. Gratulerer!
Sist laurdag var det 110 år sidan Olav H. Hauge vart fødd. Frå Dagbok 1924–1994 tek me med desse visdomsorda frå juli 1975: «Har du med folk å gjera, so pass alltid på å gjera visse mistak, so dei kan få høve til å retta deg! Ingenting set dei i so godt lag som å få visa at dei er gløggare enn deg.»
Klok på bok 1351
Jeg tror ikke noen kan være så hard som han. Med ett ord knuser han Dem, da kjenner jeg meg som en mislykket vase som pottemakeren kaster bort på skraphaugen. Min herre, han er nådeløs som en engel. Han er uvitende om sin styrke: uventet kan han fremsette setninger som er for sanne, som tilintetgjør folk for Dem, river dem ut av søvnen i all deres dumhet, stiller dem ansikt til ansikt med seg selv; fanget av å være det de er, og av sitt livs idioti.
Sitatet er frå side 32 i boklækjarutgåva (1996). På originalspråket kom den fyrste versjonen av teksten på prent i 1896. Tittelen på boka avslører at hovudpersonen er ein mann, men før eg godkjenner svaret, vil eg òg ha namnet på kona til hovudpersonen. Send namn på kona, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. september.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.