Ei farga bomelding
Slik kan ein tosk sjå ut. Badedrakta er blå, men innhaldet er truleg ei blanding av purpur, indigo og beige.
Ein svensk bestseljar som er seld til 27 land, er endeleg kommen ut på norsk, dessverre. (Tittelen fortel at boka er skriven til svenskane, og ikkje oss: Omgitt av idioter.)
Boka, som er skriven av ein kjend foredragshaldar, leiarutviklar og coach, sjølvsagt, gir svar på korfor ein kan føle at alle andre er idiotar: Jo, vi er ulike og kommuniserer på ulike måtar. Det visste du ikkje!
Og tenk, sidan vi er ulike, har vi det med å misforstå kvarandre.
Samtidig, sjølv om vi alle er unike, kan vi ifølge boka delast inn i fire grupper – etter farge: 1) Dei raude er meir eller mindre ambisiøse, viljesterke konkurransemenneske. 2) Dei gule er opne, positive, impulsive skravlebøtter. 3) Dei grøne er rolege, lojale, ryddige lyttarar. 4) Dei blå er objektive, konvensjonelle regelryttarar.
Ei blå sjel som må samhandle med ei gul sjel, vil dermed slite.
Men sjølvsagt kan vi ha fleire fargar, understrekar forfattaren, som har eit konvensjonelt = blått namn: Thomas Erikson.
Erikson er blå, raud og gul, seier han, og truleg litt grøn òg, men han tviler.
Sjølv er eg stort sett gørrgrøn, med raude og blå strekar, trur eg. Av og til er eg brun med oransje ringar, som ei gardin frå 70-talet. Andre gonger er eg knallraud i trynet og gråbrun elles. Og det hender eg er svart innvendig. Dette betyr vel at eg er schizofren. Eller generelt innfløkt og forfjamsa. Eller berre heilt idiot.
Ein replikk
Kor mange svenskar heiter Thomas Erikson? Jo, med eller utan h i fornamnet og/eller to s-ar i etternamnet, og inkludert dei med mellomnamn, er svaret 1000, cirka: 250 raude, 250 gule, 250 grøne og 250 blå, cirka.
Meir forvirring
Det har seg slik at eg ofte tar årets første bad i Sverige rundt påske, same kva gradestokken viser. Dei siste åra har det vore vårleg og fint, utan ein snøflekk i sikte, men i år var den svenske versjonen av april usydlandsk. Likevel: Ein skal vere litt raud = ikkje gi opp. Ein er trass alt gul = spontan og optimistisk.
Der stod eg, klar til å stupe uti, då eg plutseleg skjønte at eg faktisk hadde gått frå land og ut til flytebrygga.
Heldigvis stupte eg ikkje uti. Då hadde eg jo blitt meir idiot enn eg alt er.
Sidan eg ikkje fekk svømt, tok eg svømmetak mens eg raska tilbake til land. Eg song julesongen «Ræva raskar over isen» av full og sår hals, men til melodien til «Idas sommarvisa». Det blei bra. Prøv, du òg, mens du strekker armane opp mot vêrgudane:
Og ræva raskar over isen,
og ræva raskar over isen.
Så får vi lov, så får vi lov,
å synge damenes vise.
Og ser du damene, kor dei går,
og ser du damene gå,
og kor dei sit og kor dei står,
og kor dei svingar seg i valsen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»