Det moderne hamskiftetDet er store strukturelle endringar på gang i det norske samfunnet. Mange fylke skal slåast i hop og skifte namn, folk må kanskje skifte etternamn, meldingar blir sende i feil namn og vi står framfor ei ny folkevandringsperiode i land

Publisert

Det er store strukturelle endringar på gang i det norske samfunnet. Mange fylke skal slåast i hop og skifte namn, folk må kanskje skifte etternamn, meldingar blir sende i feil namn og vi står framfor ei ny folkevandringsperiode i landet vårt. Dette er sakene Innsida må hanskast med denne veka.

Klimaflyktning

Kvar januar spår vi trendane for det neste året. Som regel bruker alt å slå til i løpet av året. Men om vi går tre år attende i arkivet, ser vi at vi verkeleg var føre vår tid. La oss ta eit tilbakeblikk på Heitt-eller-keitt-spalta i 2015:

«I 2015 får vi den fyrste bølgja av interne klimaflyktningar i landet vårt. Folk som er råka av regn, flaum, ras, vinterlengt og ekstremvêr må flytte til sikrare område. Kort oppsummert kan vi seia at kysten berre må gå og legge seg, medan innlandet blir in. Særleg får Oppland ein kraftig oppsving.»

Hehe, artig, tenkjer kanskje du. Men det gjer ikkje bonde Arne Manger. NRK Hordaland meldte førre veke at bonden på Radøy har slutta med mjølkeproduksjon og pakkar sakene.

– Eg er sjølverklært klimaflyktning. Det har blitt for uføreseieleg å vere bonde her i Nordhordland, seier Manger til NRK.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement