BilsakkunnigeTidlegare har eg gjort merksam på at å vere boklækjar er å vere balansekunstnar. Sist eg jamra om dette, var det de, vyrde lesarar og oppgåveløysarar, eg klaga mi naud over. Når eg får fem misnøgde svar som synest at oppgåva er for lett, samst
Tidlegare har eg gjort merksam på at å vere boklækjar er å vere balansekunstnar. Sist eg jamra om dette, var det de, vyrde lesarar og oppgåveløysarar, eg klaga mi naud over. Når eg får fem misnøgde svar som synest at oppgåva er for lett, samstundes som det kjem like mange responsar som meiner at oppgåva er for vanskeleg, då slit eg med å gjere alle til lags.
Men det er ikkje berre lesarane og løysarane eg skal tilfredsstille. Nei, eg har òg folk i bladstova etter meg. I redaksjonen hjå Dag og Tid er det ikkje populært om spalta vert for populær, altso at namnelista med klokingar vert for lang. Førre veka var det 78 namn på lista over folk som fann fram til Heivoll og havet. Det er for mange, spalta her skal òg vere leseleg for dei som ikkje får namnet sitt på prent.
No er ikkje evna til å ta sjølvkritikk meir utvikla hjå meg enn ho er hjå jamnen av folk, men eg lyt vel innrømme at no og då har eg vore for snill i oppgåveteksten. Klok på bok skal vere ei utfordring, og framover i tida kjem eg som oftast til å ta med eit tilleggsspørsmål frå løysingsboka. Eg vonar oppgåveløysarane ikkje vert rasande på meg no; det er trass alt større heider i å kome gjennom nålauget når det er trongt.
Gunder Runde kom gjennom nålauget på oppgåve 1336. Han skriv: «Boklækjaren held seg til det såkalla eksotiske – denne gongen: egyptisk litteratur, som i alle fall for meg er avgrensa til Mahfouz. Men dette er altså Den kongelige egyptiske automobilklubben, av forfattar, avisskribent og tannlækjar Alaa al-Aswany, fødd i 1957, busett i Kairo, og framleis praktiserande tannlækjar (i alle fall til ei viss grad, han reiser visstnok stadig rundt i verda og presenterer bøkene sine). Han slo igjennom som forfattar med romanen Yacoubian-bygningen, skriven i 2002, utkom på norsk i 2008. Dette er ei skildring av egyptisk kvardagsliv, med klar kritikk mot styresmaktene og rikfolket. Oppfølgjaren Chicago og ei novellesamling er også utgjevne på norsk, og i 2015 altså soga om den egyptiske automobilklubben. Handlinga i denne romanen er datert til 1940-åra, då engelskmennene styrte Egypt med temmeleg hard hand. Som dei to første romanane som er komne på norsk, er også denne ei ironisk og kritisk skildring av negative sider ved det egyptiske samfunnet.
Al-Aswany er omsett til mange språk, minst 30 når det gjeld Yacoubian-boka. Han har vore politisk aktiv, var sterkt kritisk til Mubarak-regimet og var ei viktig røyst i opposisjonen den gongen. Så kom Morsi, og Alaa var kritisk også til han. Derimot aksepterte han i første omgang militærkuppet til al-Sisi, men også denne karen har etter kvart måtta tole kritikk frå Alaa. No har han visstnok fått forbod mot å sleppe til i den egyptiske kringkastinga, og har også vanskar med å kome til orde i andre egyptiske media. Det er positivt å verte gjort merksam på litteratur frå mindre kjende bokheimar, no har eg tinga bilklubb-boka frå Ulstein bibliotek, takka vere boklækjaren!»
Bilsakkunnige lesarar med rett svar på oppgåve 1336: Jon Grepstad, Jacob Bull-Berg, Vigdis Hegna Myrvang, Rannveig Nordhagen, Bjørn Myrvang, Per Skjæveland, Olav Holten, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Signar Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Torleiv Kløve, Petter Kristensen, Eli Hegna, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Bjørn Gjermundsen, Tor Inge Myren, Skeisebibliotekaren i LASK, Odd Storsæter, Audun Gjengedal, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Marit Lindberg, Olav Molven, Turid Tirevold, Sjur Joakim Fretheim, Folke Kjelleberg, Marianne Dahl, Eirik Holten, Eli Winjum, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Dei kvasse på Fana, Solfrid Vestli, Kirsten Bakke, Per Trygve Karstensen, Gjertrud Fanebust, Inger Margrethe Berge og Truls Johan Horsberg Hoff. Bokvinnar denne gongen: Torleiv Kløve. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.