« kaster ut kassene: får kassajobben» (NRK)Ja, dette er vel noko som mange har merka seg, folketomme kassar i fleire og fleire butikkar, med

Publisert

Ja, dette er vel noko som mange har merka seg, folketomme kassar i fleire og fleire butikkar, med Bunnpris og Coop i spissen. Og denne faenskapen skryter dei til og med av! Det tar nøyaktig 15 gonger lenger tid å betale i ein sjølvbetjent kasse enn i ein med eit levande menneske i. Eg handla ein del på Coop-butikken på Steen & Strøm i Oslo, sidan han låg praktisk til. Det blei det ein brå slutt på, gitt. Håper inderleg han blir nedlagd fortare enn svint. Kva går det eigentleg av folk, kvifor protesterer dei ikkje? Ein tar då heller ikkje oppvasken etter at ein har ete på restaurant? Og elles skjønar vel alle at det er ein sleip måte å kvitte seg med hardtarbeidande tilsette på?

Planeten Mars slår til

Det er ikkje kvar dag – ja ikkje eingong kvart år – at den raude planeten Mars viser seg på kveldshimmelen. Men i det siste har han altså gjort det, synleg med det blotte menneskeauget. Og hålreit, folkens, dersom de vil bruke dette eineståande høvet til å sjå Mars: Sjå litt til venstre og nedanfor fullmånen (som no ikkje lenger er formørka): Den raude prikken der er Mars i eigen høge person. Og dersom de ser ekstra nøye etter, kan de også få auge på nokre små, grøne menn der. Så kan de jo lure på kva dei driv med.

Kor lenge var Adam i Paradis?

Det er eit spørsmål mange har stilt seg gjennom uminnelege tider. Eg har undersøkt saka litt, og resultatet samsvarer i forbløffande grad med nye amerikanske undersøkingar: cirka tre veker. Eller 23 dagar, for no å vere pinleg nøyaktig.

Chuck Norris-nytt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement