YatzysakaDette er også eit problem som har opptatt folk i generasjonar, og som har ført til mykje hissig avisskriving. Og det handlar om når du sit ein kveld i hytta i Jølster, med god fyr på peisen, og vil unne deg ein god, gammaldags runde med yatzy sama
Dette er også eit problem som har opptatt folk i generasjonar, og som har ført til mykje hissig avisskriving. Og det handlar om når du sit ein kveld i hytta i Jølster, med god fyr på peisen, og vil unne deg ein god, gammaldags runde med yatzy saman med eit glas skummande øl, og så er terningane borte! Blokka er der, men det hjelper så lite. Og all leiting, høgt og lågt, fører ikkje til noko resultat. Terningane er rett og slett borte som svisker, og ein lurer på kva for nedrig kanalje som har vore så vondsinna at han eller ho har tatt terningane med seg. Ein har sjølvsagt sine mistankar, ja, her er opptil fleire mistenkte, men det nyttar jo lite, utan handfaste bevis. Så kva gjer ein? Les ei oppbyggeleg bok, til dømes av Ole Hallesby? Nei, det går ikkje. Til det er vonbrotet så stort at det overskyggar alt anna. Og så bitterheita i tillegg. Det er eigentleg berre å drikke opp ølet og gå og leggje seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.