Vilgot og vegenSanneleg trur eg me kjem gjennom november månad denne gongen òg. Heller ikkje i år var det veg utanom det litt hustrige sist på hausten, men av gammal vane går det.

Publisert

Sanneleg trur eg me kjem gjennom november månad denne gongen òg. Heller ikkje i år var det veg utanom det litt hustrige sist på hausten, men av gammal vane går det.

Den amerikanske diktaren Emily Dickinson var, så vidt eg veit, aldri i Noreg, og slett ikkje i november. Like fullt har ho skrive noko som kling godt om saka. Det var attende i 1864 Dickinson skreiv følgjande til venninna Elizabeth Holland: «It is also November. The noons are more laconic and the sunsets sterner, and Gibraltar lights make the village foreign. November always seemed to me the Norway of the year.»

Når me no er så tett på julemånaden, tek eg sjansen på å avsløra eit forsett eg plar stri med i november, nemleg å vente til fyrste desember med å ete klementinar. Det er ikkje så lett, men i haust har eg halde meg hard og på laurdag vert det fest. Ja, eg er eit dydsmønster og seier takk for applausen.

Så til løysinga denne gongen. Berit Horsberg skriv: «Så har jeg utvidet horisonten igjen – det er helt klart ikke for sent, selv for en 75-åring – med å lese en bok som jeg ellers ikke ville ha lest. Biblioteket i Drøbak har godt utvalg og hjelpsomme ansatte, og Niels Fredrik Dahls roman På vei til en venn var et spennende bekjentskap. Trodde selvfølgelig at Greven het Hoff til etternavn, men så kommer Vilgots mor meg til unnsetning, og forklarer at Greven av Hoff er gårdbruker Lange. Takk til mor for den presiseringen. Og da har jeg fire dager på å lese ferdig På vei til en venn, før Medikus kommer med neste utfordring!!!»

Også i dag fann skarpskodde Gunder Runde veg til løysinga. Han skriv: «Hovudpersonen i Niels Fredrik Dahls roman På vei til en venn ber namnet Vilgot. Han er i slekt med Lars Saabye Christensens romanfigurar Herman (frå romanen med same namn) og Jesper (i Byens spor). Ein tenkjande og søkjande gut, med problematiske familieforhold (mor som er anten sjuk eller pillenarkoman, eller kanskje begge delar). Denne boka fekk velfortent gode kritikkar då ho kom ut i 2002, og fekk Brageprisen same året. Dahl vart fødd i 1957, og har skrive både romanar, skodespel og dikt. Første romanen hans, Journalisten, kom ut i 1997. For skodespelet Som torden (2000) fekk han prisen Fringe First Award i Edinburgh. Også romanane I fjor sommer og Mor om natten fekk særs gode kritikkar. Sjølv har eg sett pris på biografiromanen Herre, der han skriv om den no så å seie gløymde forfattaren Bernhard Herre. Kona til Dahl er også forfattar, nemleg sjølvaste Linn Ullmann. Apropos prisar: Mor til Vilgot var også pristakar, ho fekk nemleg den truleg høgthengande ’Linoleumsprisen’. Handlinga i romanen er lagd til området Hoff langt vest i Oslo, der vi mellom anna finn høghuset der Trygve Lie budde i dei to øvste etasjane. Vilgot etablerte eit nært forhold til greven av Hoff, som kanskje har drepe kjærasten sin, og som kanskje har ein bror som vert kalla ’sinnabonden’ (eller kanskje er greven og sinnabonden same person, som ei slags norsk etterlikning av Dr. Jekyll og Mr. Hyde).»

Det var ikkje noko i vegen med svara eg fekk frå desse på oppgåve 1363: Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Torleiv Kløve, Gunn Bull-Berg, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Røyset, Per Skjæveland, Ingebjørg Sogge, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Petter Kristensen, Berit Horsberg, Torleik Stegane, Odd Storsæter, Tor Inge Myren, Olav Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Olav Molven, Kjell Helge Moe, Marit Lindberg, Asbjørg Apalset, Eirik Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Fritjof Lampe, Laura Killingbergtrø, Robert Øfsti, Bjørn Gjermundsen og Sjur Joakim Fretheim. Siste bokpremie i november går til Odd Storsæter. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement