Vidar-formidlingHer i det gåtefulle er det julestrida som pregar røynda. Ein appelsin som krev nellikspikar. Ein halmbukk med tre bein som skal balanserast i vindaugskarmen. Dadlar i ei skål og eit lite fat med tørka fiken frå i fjor har òg faste plassar.

Publisert

Her i det gåtefulle er det julestrida som pregar røynda. Ein appelsin som krev nellikspikar. Ein halmbukk med tre bein som skal balanserast i vindaugskarmen. Dadlar i ei skål og eit lite fat med tørka fiken frå i fjor har òg faste plassar. Her er det ikkje noko som skal gjerast annleis enn me plar.

Dessutan Nisse-Knut. Eg må gje Hamsun rett i at han er noko tynn i hyssingen på portrettbiletet me har her på lækjarkontoret. Men når han alt tidleg i oktober etterspurde nissehuva, måtte eg setje ned foten. Eg tok han på ordet og nytta hans eige uttrykk mot han: «Det er ens eget indre, ikkje ei nissehuve, som er sorgens eller gledens kilde.» Då vart det stilt, men det skjelmske Hamsun-smilet og den gode stemninga mellom oss kom først attende når nissehuva var på plass første sundag i advent.

Så til løysingsboka denne gongen. Me skulle fram til ei novellesamling som er fersk, og der temaet kretsar om sommarhus og forventningar. Forfattaren er Vidar Kvalshaug, og spør du boklækjaren, er Kvalshaug no å rekna som vidarekomen i novellefaget. Eg er tilbøyeleg til å seie meg samd med Fartein Horgar, som i ei bokmelding for Adresseavisen gav Blodbøksommer terningkast seks og mellom anna skreiv: «Med disse tolv novellene skriver Vidar Kvalshaug seg opp blant de fremste i norsk samtidslitteratur. (…) det er så effektiv novellekunst at du som leser blir sittende og måpe.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Ja, eg fann svaret, men eg vil ikkje skryte av at det var litterær kunnskap som førte meg fram. For meg vart det meir å lese meg opp på tipsa frå medikusen: den gregorianske kalenderen, fødselsdagane til russiske forfattarar og alle årstala som byrjar med ein torsdag. Da vart det å setje i gang og kombinere. Lykkelegvis slo det til med kombinasjonen Leo Tolstoj 9. september og årstalet 1970. Det høvde med Vidar Kvalshaug, fødd 9. september 1970. Så var det å leite etter boka. Dei undrast nok, kundane på Tanum bokhandel, kva som hadde stukke han gamlingen som stod og veifta med ei bok midt i butikken og ropte «eureka!» Men slik kan somme av oss reagere, Medikus Libri, når vi finn svaret. No skal eg slappe av og lese novellesamlinga Blodbøksommer, utkomen i år.»

Dei kloke på oppgåve 1315 var: Petter Kristensen, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Jarle Fanebust, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Gjermundsen, Gunn Bull-Berg, Mona Fonnes, Jan Alfred Sørensen, Eli Hegna, Turid Tirevold, John Olav Johnsen, Fritjof Lampe, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Molven, Per Trygve Karstensen, Else Bovim, Truls Johan Horsberg Hoff, Sjur Joakim Fretheim, Tor Inge Myren, Tove Knutsen og Idar Lind. Denne gongen er Else Bovim bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1317

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement