VerkelegheitsoppfatningDen siste veka har fleire stått mot kvarandre i det offentlege ordskiftet. Dei har ulike oppfatningar av både verkelegheitslitteratur og sjølve verkelegheita. Da Helga Hjorth følte at ho var ein ufrivillig modell i romanen til syste
Den siste veka har fleire syskenpar stått mot kvarandre i det offentlege ordskiftet. Dei har ulike oppfatningar av både verkelegheitslitteratur og sjølve verkelegheita. Da Helga Hjorth følte at ho var ein ufrivillig modell i romanen til systera Vigdis Hjorth, tok ho like godt pennen fatt og skreiv sin eigen versjon.
Systrene Siv og Nina Jensen kranglar denne veka òg. I ei melding på Twitter lenkar Nina Jensen til ei sak om at Siv lokkar med 15.000 oljejobbar, og skriv i tillegg dette: «Drøyt fra Jensen, og respektløst ovenfor de 50.000 som allerede har mistet jobben. Dette er ren ønsketenkning!» Drygt!
Vi kan vedgå overfor Dag og Tid-lesarane at vi òg har vore bitre fiendar i tidlegare tider. Av og til var kranglane så radikale at det førte til vald. Etter at vi begynte å skrive Innsida, har vi heldigvis vorte vel forlikte. Det er godt å ha eit felles prosjekt, og vi vil ikkje underkjenne «Innsideskriving» som terapeutisk verkemiddel.
Eit hamsunsk, kontantlaust samfunn (Sigrid)
Av og til trengst det ei oppdatering av dei gamle klassikarane, slik at unge lesarar oppfattar både språk og innhald. Sigrid har fått i oppgåve å oppdatere Knut Hamsuns Sult frå 1890. Her er starten på den berømte romanen anno 2017:
Dei siste to vekene har eg gått rundt og svolte i gatene i Kristiania. Eg har pengar, men bankkortet mitt verkar ikkje. Fordi eg er redd for å hamne i Luksusfellen, har eg ikkje Mastercard, berre Visa-kort. Ved eit par høve har eg overført pengar til venner, og dei har teke ut kontantar til meg. Når ein utelukkande brukar setlar, får ein rare blikk. Folk i butikkar og barar set fram betalingsterminalen før eg får sukk for meg. Hipsterane, derimot, får stjerner i augo og kallar det «retro». På arbeid har dei berre kontantlause kantiner, og dei nektar å ta imot klingande mynt. Enten må eg tvinge nokon til å kjøpe mat til meg mot kontantar, eller så må eg berre leva på det kaffiautomaten har å by på. (Han har både sjokoladedrikk og solbærdrikk!)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.