Klok på bok

Våren er sjenert

Publisert Sist oppdatert

Det har vore vårjamdøger, men gradestokken utanfor bokstova har ikkje fått det med seg. Sjølv om det nok skal stemme at dagane no er lengre enn nettene, er våren sjenert og ventar med å vise seg.

Når det blæs kald nordavind frå alle himmelretningar ute, vert Klok-redaksjonen sitjande inne og sprengfyre i peisen. I takt med at me får opp temperaturen, hender det diverre at Medikus kan verte litt heit i toppen. Utan frisk luft bygger det seg opp ein innestengd aggresjon, og ein skal gå på tå hev for å ikkje trø boklækjaren på tærne.

Det beste ein kan gjere for å få tilbake den gode stemninga i stova, er å jatte med. Diverre kjem det denne gongen til å gå ut over lesarane. Det har seg slik at boklækjaren har funne opp ein vits som ikkje alle i redaksjonen synest me skal sette på prent. Faktisk er det berre oppfinnaren som synest vitsen er morosam, men kva gjer ein ikkje for husfreden. Her kjem vitsen: Kvifor kan ikkje eg dra meg attende, når Hanne Ørstavik?

Medan latteren legg seg over landet, skal me sjå på løysinga me skulle fram til i dag. Ingerid Skarstein skriv: «Dette er Hanne Ørstavik, det er ingen andre som skriv slik. Ho brukar ’som’ i starten av setningar på ein spesiell – av og til irriterande, av og til verknadsfull – måte. Boka heiter Roman. Milano og handlar om Val, som er arkitekt. Eg måtte sjekke mine eigne instinkt no, og ja, Hanne Ørstavik er fødd i 1969, det året Samuel Beckett fekk Nobels litteraturpris. Han skreiv på engelsk og fransk.»

Inge Strand skriv: «Sitatet denne veka har kjenneteikn som førte tankane mine i ei viss retning. Dei vart styrkte då eg kunne konstatere at Hanne Ørstavik er fødd same året som Samuel Beckett fekk Nobels litteraturpris. I boka hennar frå 2019, Milano, fann eg sitatet på side 216–217. Så no skal eg lese historia om Val og Paolo. Val er teiknar, men vart utdanna på Arkitekthøgskolen, som no har fått nytt namn. Svaret må vel då vere arkitekt.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Bokjakta starta da avisa deisa ned på dørmatta klokka seks fredag morgon. Denne gongen hadde eg ufortent startflaks. Eg la inn søket ‘roman 2019’ på Oria, og alt fjerde tilslaget passa så ypparleg, kanskje fordi eit ettersøkt ord fanst i boktittelen: Roman. Milano av Hanne Ørstavik. Og forfattaren er fødd i 1969, det året Samuel Beckett vann Nobelprisen, og han skreiv på engelsk og fransk. (Heilgardering der også, altså, he-he.) På Deichman fekk eg sanksjonert at eg hadde rett bok, og lesinga kunne starte. Og da spørst det om eg skumlas for fort til å ha rett svar på tilleggsspørsmålet. Hovudpersonen i jeg-form heiter iallfall Val. Ho er utdanna arkitekt, men som yrkestittel blir det berre fortalt at ho er teiknar (‘tegner’). Er ikkje det ei litt for enkel nemning, da, sjølv om ho er veldig glad i å teikne? Men det får bli svara mine.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement