Valvake, ein uting?Det har skjedd så mykje sidan sist at det reint ut sagt er vanskeleg å følgje med. Det har ikkje minst vore eit heidundrande stortingsval, der vi fekk ny statsminister, til forveksling lik ho vi hadde før. Eg kan opplyse ungdommen om at

Publisert

Det har skjedd så mykje sidan sist at det reint ut sagt er vanskeleg å følgje med. Det har ikkje minst vore eit heidundrande stortingsval, der vi fekk ny statsminister, til forveksling lik ho vi hadde før.

Eg kan opplyse ungdommen om at eg har vakse opp i ei tid då vi tok det for gitt at ein kar som heitte Einar Gerhardsen, skulle vere statsminister i landet vårt til evig tid. Eller iallfall til Jesus kom att for å dømme levande og døde. (Dei fleste av oss håpte vel på at vi kom til å vere blant dei levande, slik at vi hadde ein sjanse til å ta til motmæle når Jesus peika på våre altfor tydelege feil og manglar.) Men Gerhardsen har forlate oss, til liks med Hasse Alfredson, Gösta Ekman og mange med dei, og det er andre tider.

Ingen trur lenger på at statsministrar skal sitje til evig tid. Men valvaker er noko vi framleis driv med. Sit utover natta og trur, stikk i strid med alle valdagsmålingar og prognosar, at ting kan snu seg. Berre førehandsstemmene kjem inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement