Klok på bok

Utgått vits

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen skal me sjå nærare på eit fenomen me har mistanke om at mange lesarar interesserer seg for, nemleg korleis ein vits kan gå ut på dato. Straks kjem det eit døme og ein kort analyse, men fyrst litt elementær bakgrunnsinformasjon.

Stordomstida til vitsen me har testa, var nok omkring slutten av 1970- og byrjinga av 1980-åra. Dette kjem av at hovudpersonen er den svenske skeiselauparen Oloph Granath, som mellom anna deltok i OL i Innsbruck 1976 og i Lake Placid 1980. Slik lyder vitsen:

– Veit du kvifor det gjekk så dårleg med Oloph Granath på Bislett?

– Nei, det veit eg ikkje.

– Han sprengde seg på titusenmeteren.

I granskingsarbeidet har me lagt fram denne perla innanfor humorsjangeren for fleire ungdommar, og diverre var resultatet nedslåande: Ikkje nokon av dei drog på smilebandet. Lett hovudristing og eit tungt sukk var jamt over responsen me fekk frå dei som er unge i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement