UngdomsskulenI dag er det to veker sidan me her i bokstova etterlyste årstida som lagar overgangen frå vinter til sommar. No er det ikkje slik at heile landet byrjar å sjå vårteikn i skog og mark, men mang ein plass har gradestokken endeleg teke til vit. A
I dag er det to veker sidan me her i bokstova etterlyste årstida som lagar overgangen frå vinter til sommar. No er det ikkje slik at heile landet byrjar å sjå vårteikn i skog og mark, men mang ein plass har gradestokken endeleg teke til vit. At våren er på veg, gir meg sjølvsagt ikkje fullmakt til å påstå at det er boklækjaren som har lokka han fram. Eg seier berre at det er noko ein ikkje kan sjå heilt bort frå.
Kjensla av å vera våryr er det mange som har opplevd. Når eg les kva Olav H. Hauge skreiv i dagboka si den 15. april 1972, får eg mistanke om at han òg hadde røynsle i faget: «Brev frå Bodil Strømsted. Skriv om I Ching, The Book of Change. Eit forvitneleg brev. Desse kvinnfolki. Det er no gildt med dei òg.» Som alle veit: Brevvekslinga enda med at ho Bodil i 1975 flytta inn hos han Olav i Ulvik.
Så til oppgåve 1333. Ein særs utsliten Skeisebibliotekar frå LASK skriv: «Denne sat langt inne! Men unntak av ei medarbeidarsamtale har heile dagen gått med. Tidleg bestemte eg meg for å satse på Borges’ dødsår, altså 1986, men eg fann ingen forfattar frå Hordaland som var fødd i dette året, korkje hjå Forfattersentrums oversyn over hundrevis av oslobusette forfattarar, BOBs over vestlandsforfattarar, Aasen-tunets nynorskforfattarar, Samlagets lister osb. Heldt på å gje opp då den plutselig dukka opp – auga hadde då allereie glidd over alle bokryggane i biblioteket, men altså oversett den mest opplagde av dei alle: Ungdomsskulen av Heidi Furre.»
Norunn Askeland skriv: «Eg meiner å kjenne att innhald og stil i romanen Ungdomsskulen av Heidi Furre. Denne boka har eg lese saman med studentane mine på PPU på Høgskolen i Søraust-Noreg, og vi har hatt interessante diskusjonar om kor vanskeleg det er å vere ung, også for dei skuleflinke jentene. Ein innhaldsrik og godt komponert roman som tek for seg dei store spørsmåla, som liv og død, vennskap, seksualitet og identitet. ’Er det så komplisert å vere ung?’ sa studentane mine, ’og er det verkeleg mogleg at den unge hovudpersonen frivillig går til sengs med ein ureinsleg og uappetittleg mann som ho kallar Vampyren?’ På dette feltet er nok romanen det vi kan kalle ein augneopnar. Det lovar godt for nynorskens framtid at vi har slike forfattarar som Heidi Furre.»
Desse fann rett svar på oppgåve 1333 og slepp å sitje inne i friminutt eller vera igjen etter skuletid: Gunn Bull-Berg, Skeisebibliotekar frå LASK, Jorunn Røyset, Inger Anne Hammervoll, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Folke Kjelleberg, Per Trygve Karstensen, Turid Tirevold, Eirik Holten, Norunn Askeland, Olav Holten, Bjørn Gjermundsen, Audun Gjengedal, Eli Hegna, Solfrid Vestli, Marit Lindberg, Olav Molven, Robert Øfsti, Kirsten Bakke, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Laurits Killingbergtrø, Petter Kristensen og Tvillingene. Bokvinnar i dag er Eli Hegna. Gratulerer!
Ein trufast oppgåveløysar som står høgt i kurs her i det gåtefulle, er Olav Molven. Ikkje berre får eg hyppige oppdateringar om vêret i det vestlandske saman med rett svar på oppgåvene. Denne gongen fekk eg òg etterlengta informasjon om nye bukseselar. Om selane skriv Molven: «Dei gamle vart ubrukelege for eit par dagar sidan. Difor kjøpte eg meg nye i dag. Desse er staselege, fargerike. Eg trur ikkje andre spaltetravarar er like velutstyrte. Forresten, eg undrast ikkje dersom selane gjer klokarbeidet lettare framover. Les belles plumes font les beaux oiseaux (Klede skapar folk).»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.