Klok på bok

Under bordet

Publisert Sist oppdatert

Det finst folk som trur at storleiken på eit skrivebord seier noko om personen som sit ved det. Eit tilfeldig valt døme kan ein kome over i Kreml, der ein figur ikkje har forstått forskrifta for skrivebord. Ho er: Kor store tankar som vert tenkte ved eit skrivebord, er omvendt proporsjonalt med storleiken på bordet.

Sjølv om det framstår som ei tungvint ordning med ropert når ein skal ha ei samtale med nokon, er det ikkje berre upraktisk med eit skrivebord prega av megalomani. Kan hende kjem det ei tid der det kan vere lurt å ha ein plass å gøyme seg.

No til løysinga denne gongen. Eli Hegna skriv: «Winston Churchill startet dagen med et glass whisky og drakk flere i løpet av dagen. I tillegg drakk han store mengder champagne til middag (det er antydet 42.000 flasker i løpet av livet.) Til tross for dette enorme alkoholkonsumet påstod han at han aldri ble beruset/full eller avhengig. I motsetning til poeten Martin Svedman var det heller ikke et savn som krevde hjelp. Når jeg drikker er en personlig diktsamling skrevet av en tørrlagt alkoholiker. Blodig alvor, men med mye humor og varme. Som du selv skriver, er dette ’ei uvanleg sterk diktsamling’ – det leser jeg også ut av alle de strålende anmeldelsene boka (hans debut) fikk.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg er ikkje nokon ivrig lesar av lyrikk, og vart litt nedstemt då eg såg at vekas oppgåve var ei diktsamling. No igjen, sukka eg, for det har då faktisk vore uvanleg mange Kpb-gåter innanfor denne sjangeren i 2022, eller tek eg feil? Eg fører ikkje statistikk og er ein ihuga ’slettar’, så dette er berre synsing. Men så skjer det jo noko med ein lesar, når han gong etter gong må forhalde seg til tekstutdrag frå meir ukjende delar av litteraturen. Ein kjenner på ei gryande interesse og kjem borti så mykje uventa og fint. Slik har det seg at eg ganske fort skjønte kven vekas forfattar var, for eg las nemleg denne diktsamlinga i samband med leitinga etter verk og forfattar i ei tidlegare Kpb-oppgåve. Denne bokspalta har mange sidegevinstar, noko eg takkar for.»

Øystein Stokland skriv: «Denne gongen var eg heldig. Sitatet er nemleg frå den siste boka eg har lese, Martin Svedmans Når jeg drikker. Dette må vere den fyrste diktsamlinga eg har lese utan at eg klara å stoppe før den siste sida.»

Desse kunnskapstørste klokingane fann fram til kjelda og rett svar på oppgåve 1521: Eli Winjum, Gunn Bull-Berg, John Olav Johnsen, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Dei kvasse på Fana, Ragnhild Eggen, Erik Aamlid, Bente Ubostad, Gunder Runde, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Jan Alfred Sørensen, Fritjof Lampe, Olav Holten, Janneken Øverland, Harald Brynjulfsen, Inger Anne Hammervoll, Yngve Skjæveland, Ole Husby, Magnhild Reisæter, Morten Søberg, Arne Thorvik, Nils Farstad, Gunnar Bæra, Erlend Skjetne, Ingeborg Helvik, Eli Hegna, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Marta Kløve Juuhl, Kirsten Bakke, Pål Amdal, Olav B. Larsen, Øystein Stokland, Jorunn Brekke Fjeldheim, Helge Flæte, Anne Marie Havnelid, Petter Kristensen, Solrun Haukedalen, Oddlaug Bringe Walaker, Turid Tirevold, Hans M. Gautefall, Audun Gjengedal, Ellen Lian, Viggo Østebø, Per Trygve Karstensen, Jorunn Øxnevad Lie, Truls Johan Horsberg Hoff, Reidar Birkeland, Laura Killingbergtrø, Torbjørn Ohnstad Skaim, Ingunn Bergem, Kjell Helge Moe, Gjertrud Fanebust, Jorunn Kleppe, Eirik Holten, Toril Mesna, Sigrun Gjengedal Ruud, Inge Strand, Inger Margrethe Berge, Bjørn Gjermundsen, Ole Håndstad, Sjur Joakim Fretheim, Harald Gjørtz, Aina Gamborg, Folke Kjelleberg, Ole G. Evensen, Catharina Schønning-Lykke, Gunnar Eide, Robert Øfsti, Tvillingene, Frode Torvund og Torleik Stegane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement