Klok på bok

Tungekrafta

Publisert

Som alle veit, har me ei seiing om at det no og då, mest no, er viktig å halde tunga beint i munnen. Tydinga er rimeleg klår, det handlar om å konsentrere seg for å halde jamvekta. Eller å passe på at alt går rett føre seg. Kan hende er det siste versjonen som får fram ein litt artig alternativ seiemåte, nemleg at det er viktig å halde tunga i den rette munnen.

Her i bokstova vil me ikkje ha ei meining om kor folk skal gjere av tunga når ho er ute av munnhola. Men når ho skal vere med å forme alvorlege utsegner eller skuldingar, lyt det helst vere nokolunde orden i sysakene. Eit døme kunne vere om du vil seie noko om inkonsistens i livsførselen til ein du snakkar med, men i staden kjem til å hinte om inkontinens hjå same person. Pinleg pause. Sjølvsagt er situasjonen ikkje heilt heldig, men boklækjaren har empiri for at når tunga har svikta, er det greitt å ikkje ta det så tungt.

Det er aldri tale med to tunger når me får svar frå Gunder Runde. Han skriv: «Eg fann to ting å feste meg ved som kanskje kunne brukast i dagens slit og strev med å løyse Kpb-gåta: 1. Forfattaren av ei bok som kom ut i 1993, og som ikkje er omsett til norsk før i 2022, må truleg vere temmeleg ukjend her i landet. 2. Utdraget viser ein person som ikkje er heilt fornøgd med drikkevanane i Moskva. Altså: neppe ein russisk forfattar. Magekjensla mi peikar på Ukraina, og første tanken min var nok Andrej Kurkov, kjend frå Dag og Tid. Men han vart fødd i 1961 og er altså ikkje aktuell. Kan det vere ein kvinneleg forfattar? Zabuzjko vart fødd i 1960, men har ikkje kome med roman på norsk i 2022. Altså: over på Wikipedia, sida med ukrainske forfattarar. Denne alfabetiske lista tel 27 forfattarar, og jammen vart det fulltreffar alt på første linje. Jurij Andrukhovytsj er fødd i skotåret 1960 og gav ut boka Moskoviaden i 1993, omsett til norsk i 2022. Snartur til biblioteket i Ulsteinvik, der står boka pent og pynteleg på rett plass i hylla, og på side 106 finn eg sitatet om fyll og fanteri i Moskva. Bingo! Andrukhovytsj er kjend og elska i heimlandet, og bøkene hans er omsette til over 20 språk, og altså no også til norsk. Han har vore medlem av ei litterær gruppe som kalla seg Bu-Ba-Bu, som er ei forkorting for ’burlesk-balahan-bufonada’, som tyder noko slikt som ’burlesk-gjøglarar-farse’. Han likar å bryte konvensjonar og leike seg med språket, noko han absolutt gjer i denne boka, som er nr. 2 i ein trilogi som også omfattar Rekreasjonar (1992) og Perversjonar (1999). Hovudpersonen i Moskoviaden heiter Otto von F. og er litteraturstudent i Moskva. I fylla går han seg vill og hamnar i ein labyrint under jorda, der han vert arrestert av KGB. Boka er ei utriveleg påminning om det som no skjer i Ukraina, og er såleis særs aktuell, sjølv om ho er skriven for nesten 30 år sidan. Marta Norheim i NRK omtalar boka som ’vodkamarinert surrealisme’, ein råkande karakteristikk av ei særs tankevekkjande bok. Og så var det fisken i veska. Det er noko så eksotisk som ein malle.»

Audun Gjengedal skriv: «Malle har eg aldri høyrt om. Så kvar veke mykje interessant i Dag og Tid!» John Dag Hutchison skriv: «Ei tankevekkjande bok for vår tid.» Folke Kjelleberg skriv: «Takk for at du nok ein gong hjelper meg (og andre lesarar av Dag og Tid) med å finne fram til ’verdskjende/ukjende forfattarar’ som kan lesast på norsk.»

Svar som vart vurderte som god fisk på oppgåve 1573, fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn O. Bjørnsen, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Gunder Runde, Torhild Bru, Jan Alfred Sørensen, Nils Farstad, Olav Holten, Fritjof Lampe, Inge Strand, Eli Hegna, Audun Gjengedal, Jorunn Røyset, Kjell Helge Moe, Magnhild Reisæter, Jorunn Øxnevad Lie, Folke Kjelleberg, Per Trygve Karstensen, Reidar Birkeland, Åshild Soltvedt, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole Husby, Gunnar Eide, Sjur Joakim Fretheim, Robert Øfsti, Torleik Stegane, John Dag Hutchison, Rolv Stølen, Iver Røssum, Dei kvasse på Fana, Gunnar Bæra og Ole G. Evensen.

Denne gongen høyrer bokvinnaren heime på Hamar, og ho heiter Sigrun Gjengedal Ruud. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement