Klok på bok

Tung som Bly

Publisert

Kor lenge var eigenleg Adam i paradis? Dei lærde stridest om dette, og om det finst lesarar der ute som har styr på ferdaminnet til Adam, vil me gjerne vete det her i bokstova. Det held med eit nokolunde nøyaktig anslag.

Etter eit år med særs mykje hugnad frå lesarane, er det framleis somme som ikkje er nøgde med spalta du les no. Me har motteke kritikk, og som alle veit, er ein negativ respons noko som vert sitjande ti gonger så lenge som alle dei positive. Me er morske som fjell på utsida, mjuke som softis på innsida.

Kritikken går delvis ut på at me favoriserer folk som er flinke på internett. Diverre er det ikkje mogleg for Klok-redaksjonen å styre kva innsendarane nyttar av hjelpemiddel. Dessutan er me likeglade som selhundar om det er på PC eller i konversasjonsleksikon folk finn løysinga. Boklækjaren har desse prinsippa for spalta:

1. Klok på bok skal kvar veke vere verdas vanskelegaste litteraturoppgåve. Elles var det inga ære i å få namnet på prent.

2. Spalta skal vere interessant å lese, også for dei som sjeldan eller aldri sender inn svar.

3. Bøkene som vert presenterte i Klok på bok, skal halde så høg ein kvalitet at spalta òg syrgjer for at litteratur som fortener det, får fleire lesarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement