Denne gongen byrjar me med ein forfattar boklækjaren ikkje har lese ei einaste bok av. Det er Game of Thrones-forfattaren George Raymond Richard Martin som skal få litt merksemd frå boklækjaren i dag. Han skriv innanfor sjangrane fantasy, horror og science fiction, og bøkene hans er dimed noko eg ikkje ville tatt i med ei pølseklype. Slik er eg. Det er du òg.
Men blind høne finn òg korn, seier folk som kan noko om høns og næringsrike dyrka grasarter. Eg fekk auge på eit fyndord frå Martin, diverre er han ikkje heilt stø i nynorsk, så eg måtte omsetje det, og då vart det: «Ein som les bøker, lever tusen liv før døden. Ein som aldri les bøker, lever berre eitt.»
Mange av dei fiktive innsendarane har insistert på eit grunnleggande kurs i japansk her i bokhjørnet. Som eit prov på velvilje frå Klok-redaksjonen får lesarane denne veka ein mjuk start på prosjektet med å lære seg nihongo. Me skal fram til ordet tsundoku, og det er eit særs viktig ord. Tydinga er: «Å kjøpe fleire bøker enn du kan nå å lese.» Det er nok ikkje berre Gunder Runde og boklækjaren som kjenner til syndromet, og no kan me alle saman seie det på japansk. Aldri ein fredag utan at ein vert litt klokare av å lese spalta her.
Me får meir klokskap når Laurits Killingbergtrø presenterer løysinga denne veka. Han skriv: «Det var ei arbeidsam oppgåve vi fekk denne gongen, Medikus. Såleis ’måtte’ eg lese meg gjennom ei bok på over 600 sider for å få løyst ekstraspørsmålet. Men det var det verdt, og det var triveleg å bli betre kjend med forfattaren. Han heiter Jonathan Franzen og er fødd nær Chicago i 1959, det året italienaren Salvatore Quasimodo fekk Nobelprisen i litteratur. Boka av Franzen frå 2001 hadde tittelen The Corrections, og den norske omsetjinga av Jorunn og Arne-Carsten Carlsen året etter fekk tittelen Korrigeringer. Boka er rik på ulike personar og hendingar, men likevel lett å følgje med på. No ja, somme av sekvensane har kanskje meir appell til yngre lesarar enn ein gammalkall som meg. I boka fortelst det mellom anna om ei båtreise der nokre skandinavar møtest, og der treffer forfattaren godt den nabomotsetnaden som kan finnast i området vårt. Ei norsk Mrs. Nygren kyter av at nordmenn er så ihuga boklesarar, men da lyt svenske Mr. Söderblad straks fram med nokre spitord om norske pratmakarar. Men den norske frua gjev seg ikkje og fortel at mannen Per kvart år les eit verk av kvar einaste nobelprisvinnar i litteratur. Så da blir resultatet av det mødesame strevet mitt: Per Nygren. Og kona heiter Inga, så det er sagt.»
Gunnar Bæra skriv: «Den amerikanske forfattaren Jonathan Franzen debuterte i 1988. Den tredje romanen hans kom i 2001 og vart omsett til norsk som Korrigeringer. Det er ei lang og ordrik, men interessant forteljing om ein tidvis dysfunksjonell familie. Eit av høgdepunkta i boka er ei skildring av eit cruise utanfor Nova Scotia der ei rekkje eldre menneske alle vert tekne på kornet.»
Eli Hegna skriv: «At det dukker opp en lesende nordmann, Per Nygren, i Jonathan Franzens store roman Korrigeringer er pussig. Nygren er ellers ikke et etternavn jeg ville ha valgt på en ’typisk’ nordmann – Per, derimot, er en fulltreffer. En tragisk-komisk familiekrønike fra amerikansk samtid som det tok ni år å skrive.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.