Tradisjonsrike Bygdin har vakna til livHeilt i byrjinga av Valdresflya frå sør ligg Bygdin. Sjøen, der ein kan sigla med den over 100 år gamle M/S «Bitihorn» heilt til Eidsbugarden, er kjend. Likeins det raude klassiske fjellhotellet, Bygdin Høgfjellshotel
Heilt i byrjinga av Valdresflya frå sør ligg Bygdin. Sjøen, der ein kan sigla med den over 100 år gamle M/S «Bitihorn» heilt til Eidsbugarden, er kjend. Likeins det raude klassiske fjellhotellet, Bygdin Høgfjellshotell. Nyleg fekk hotellet, som har soga si attende til 1897, ny eigar. Tor Oxhovd Svalesen, mor og far og dei to brørne hans er dei nye drivarane.
Dei har fått sving på sakene utan å endra vesentleg på det historiske interiøret. Dei har rett og slett berre fylt opp med god lokalmat og smilande Valdres-service. På éin, to, tre var Bygdin eit mål for skituristar i påskefjellet som ville ha grilla fjellgris, lokalt øl og pølsene til kokken Remo Svendsen frå Beito.
Innsida var innom heile fire gonger. Sjølv om det var kjølig i fjellet i år, varma det godt i solkroken utanfor den raude hotellet 1065 moh.
Fjellheimen er populær som aldri før. For dei som tek seg ein tur, er det inspirerande å finna stader som Bygdin Høgfjellshotell. Her er det ikkje minimalistisk oppussa eller italienske fliser på toalettet. Fleire av romma er utan dusj, men ingen utan ei utruleg utsikt til fjellheimen.
Menyen har ikkje 17 rettar à la carte, men nokre få lokale og heimelaga variantar. No og då kjem ein tilsett rundt med rykande fersk bakst.
Det er som Arne Brimi alltid seier: «Så lenge maten er god og stemninga fin, treng ein ikkje kvit duk eller ein fancy dass for å trivast.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.