TIDDet er på tide å prate litt om tida. Den fjerde dimensjonen. Eit fenomen som sjølv garva vitskapsfolk slit med å forklare. Alle gnafsar om at tida går så fort. Men om ein gjer keisame og langdryge ting, går tida faktisk ganske sakte. Å fylle opp dagane
Det er på tide å prate litt om tida. Den fjerde dimensjonen. Eit fenomen som sjølv garva vitskapsfolk slit med å forklare. Alle gnafsar om at tida går så fort. Men om ein gjer keisame og langdryge ting, går tida faktisk ganske sakte. Å fylle opp dagane med alt mogleg rart for å «utnytte tida» verkar berre mot si hensikt. Folk kan gjerne roe seg litt ned.
Men sjølv om vi prøver å leve keisame liv for å få tida til å gå sakte, har det skjedd nokre endringar i liva våre det siste året. Guri har blitt småbarnsmor og hytteeigar. Sigrid har flytta fire gonger på eitt år, og har nå hamna i Porsgrunn (eller var det Skien?).
Gje oss sommartid heile året! (Guri)
Tidlegare har det kjentest som at eg fekk ein time ekstra når ein stilte klokka attende om hausten. Timen kunne brukast til kva ein ville: soving, avislesing, innsideskriving – hyggelege aktivitetar. Da klokka skulle stillast attende denne hausten, var det ei heilt anna oppleving. Plutseleg hadde vi ein unge som stod opp kl 05.30. Det er psykisk ganske tungt når ein veit at alle andre ligg og søv. Det var mørkt allereie før pappaen kom heim frå jobb, og livet vart svært haustleg. Det tok fleire døgn å få ungen justert inn i den nye tidsrekninga.
Det er ikkje berre dei med små barn som slit med tidsjusteringa. Det gjeld òg dei som har dyr som skal matast, mjølkast eller luftast til faste tidspunkt. I Finland meiner tre av fire innbyggjarar at ordninga bør avviklast, og dei har bede EU om å endre direktivet om sommartid.
Gje oss vintertid heile året! (Sigrid)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.