Tema: OLI den førre Innsida skreiv kollega Ragnar Hovland at han ikkje hadde fått oppsummert OL, men at det kom meir i neste Innside. Og sidan vi har Innsida etter Hovland, må vi nesten berre innfri kravet. Kva var det største augeblikket under OL? Har vi
I den førre Innsida skreiv kollega Ragnar Hovland at han ikkje hadde fått oppsummert OL, men at det kom meir i neste Innside. Og sidan vi har Innsida etter Hovland, må vi nesten berre innfri kravet. Kva var det største augeblikket under OL? Har vi nordmenn grunn til å vera stolte? Var Pyongyang det beste norske OL-et ever? Kva er medaljens bakside? Følg med på fasiten.
Det er typisk norsk å vera god
Vi nordmenn er jo ekstremt flinke til det meste, så det skulle berre mangle at vi ikkje er den beste nasjonen i vinter-OL. Nokre meiner det er urettferdig at vi opplever ein valdsam suksess i OL, men ikkje gidd å arrangere leikane sjølve. Men her må vi minne om vår stolte tradisjon med å herje i utlandet. OL er ei slags moderne vikingferd der vi plyndrar fattige land for gull. Det er ein del av norsk kultur.
Beste OL nokosinne?
Stemmer det verkeleg at OL i Pyongyang er det beste norske OL-et? Vi synest jo å hugse at Noreg tok nesten alle medaljane på Lillehammer i 1994. Dette er ei sak for Innsida – her må det seriøs gravejournalistikk til.
Noreg tronar øvst på medaljestatistikken i 2018, og har aldri teke så mange medaljar. Men vi må ta med i reknestykket at det er mange fleire øvingar nå enn det var på Lillehammer. I 1994 vart det delt ut 61 gull, i år vart det delt ut 103 gull. Så om vi reknar om til prosent, så viser tala at Noreg tok 16 prosent av gulla på Lillehammer, og 14 prosent av alle medaljar totalt. Tala for Pyongyang er 14 prosent av gulla og 13 prosent av alle medaljar. Jaha. Beste OL, du liksom?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.