TEMA: EIN ALTERNATIV DIMENSJON Det er støtt meir å avklare. Denne veka skal vi prøve å nærme oss det unemnelege, det som er mellom. Vi vil opne ein ny dimensjon, dagleglivets svarte hol. Partiklane som strålar ut. Framtida.
Hadde verda vore betre om Noa mønstra av Noas ark?
Det er støtt meir å avklare. Denne veka skal vi prøve å nærme oss det unemnelege, det som er mellom. Vi vil opne ein ny dimensjon, dagleglivets svarte hol. Partiklane som strålar ut. Framtida.
Ein ny Noas ark
I Trondheim regna det ei veke i strekk – den same veka som vitskapsfestivalen Starmus (norsk: Stjernemus) vart arrangert her. Dette er ein festival der folk flyg inn frå heile verda for å prate om kva vi skal gjere når vi har forureina så mykje at verda bryt saman. Festivalbilletten kosta 7250 kroner. Stephen Hawking tek til orde for at menneska må evakuere frå jorda og finne seg ein ny planet.
Det er mange ting å tenkje ut når den nye sivilisasjonen skal byggjast ute i verdsrommet. Framover mot avreisedatoen trur vi at planlegginga vil kunne sysselsetje omtrent halvparten av jordas befolkning. Vi vil peike på nokre sentrale problemstillingar her. Skal det vere lov til å mate måker i parkane på den nye planeten? Nei, meiner vi. Men kan ikkje måkene like godt bli att på jorda? Og kva med resten av fuglane? Treng vi dei? Mange ting bør forenklast. Vi trur at nynorsk vil gjera det bra som felles skriftspråk, medan den einerådande vekeavisa heiter Dag og Tid. Det er òg eit håp om at skattemeldinga kan få ei meir pedagogisk form.
Om ein verkeleg nærmar seg kjernen i problemet, kunne vi kanskje allereie nå konkludert med at den nye sivilisasjonen har best av at menneska ikkje blir med. Slepp dyra fri. Stjernemus!
Lengta
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.