Tema: avtalt spelVi moderne menneske har mykje å setja oss inn i, altfor mykje, vil somme meine. Vi skal forstå alt frå hundrevis av uskrivne reglar til avtaler med så mange punkt at det tek timevis å lesa gjennom dei. (I staden held vi pusten i eitt sekun

Publisert

Vi moderne menneske har mykje å setja oss inn i, altfor mykje, vil somme meine. Vi skal forstå alt frå hundrevis av uskrivne reglar til avtaler med så mange punkt at det tek timevis å lesa gjennom dei. (I staden held vi pusten i eitt sekund og trykkjer på «godta»knappen). Ifølgje ein studie frå Universitetet i Massachusetts lyg gjennomsnittsmennesket om lag 300 gonger i døgnet.* Kanskje er det ikkje rart med all denne lyginga, så store krav som det blir stilt til oss (når det gjeld alt frå praktiske ting som å halde orden på kvitteringar og vedlegg – til at vi skal realisere oss sjølve og vera lykkelege). Men så må det seiast at flesteparten av løgnene er ufarlege og stort sett berre heroiske forsøk på å bidra til konstruktiv stemning. Å vera dønn ærleg heile tida er neppe sunt. Tenk om alle gjekk rundt og sa det dei tenkte høgt til alle tider.

Vi vil vie Innsida til nokre refleksjonar rundt dette med avtaler, avtalebrot, forventingar, bedrag og unødvendige reglar. Målet er at du som trufast Dag og Tid-lesar skal ta helg med litt betre samvit enn du elles ville ha gjort. Kanskje var ikkje innsatsen din denne veka så aller verst likevel? Vi synest at du fortener å sige ned i stresslessen og nyte fredagskvelden med ein god dose Dag og Tid-drops.

*Er folk med stort søvnbehov meir ærlege enn dei som søv lite?

Ti gode unnskyldningar når du kjem for seint:

1) du har gløymt å stille klokka frå vinter- til sommartid

2) du møtte varaordføraren på butikken

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement