«Kan du ikke endre din skjebne, så må du endre din holdning.» Ja, desse høgfløygde orda kom fram på skjermen då eg skulle lese meg opp på løysingsforfattaren denne veka. Fyrst tenkte eg at det nok kunne stemme at Amy Tan hadde skrive denne setninga, ho skriv mykje om lagnad i fleire av bøkene sine. Men etter kvart kom eg i stuss. Det var noko som skurra, hadde eg ikkje lese noko liknande før?
Plutseleg var eg Hercule Poirot, og etter litt etterforsking fekk eg stadfesta mistanken. Hos Amy Tan står setninga på side 265 i Kjøkkengudens kone, som på originalspråket kom ut i 1991. Men fleire stader på nettet står forretningsmannen og filantropen Charles Revson som opphavsmann til sitatet. I og med at Revson døydde i 1975, altså 16 år før Amy Tan gav ut The Kitchen God’s Wife, er det særs usannsynleg at det var filantropen som kopierte forfattaren.
Strengt tatt er ikkje sitatet vi byrja med i dag, noko å kivast om. Det er laust prat ut i blå luft. Me seier alle saman noko tåpeleg no og då. Ja, du òg.
Løysinga i dag er altså eit verk av Amy Tan. Gunder Runde skriv: «Denne gongen greidde eg ikkje å hente noko særleg ut av sitatet, bortsett frå at det ser ut til å vere ei skildring av starten på ein ekteskapleg konflikt. Men eg kan i alle fall tolke at det må vere tale om ein kjend/populær forfattar, sidan boka kom på norsk allereie året etter ho vart gitt ut på originalspråket. I meste laget av franske forfattarar som har fått Nobelprisen i litteratur, eg avgrensar meg til åra etter krigen, fram til 1964, det vil seie fem år å konsentrere seg om. Wikipedia gir i grunnen lite handfast, så dermed leiter eg fram Årets bøker frå 1996. Allereie på side 4 trur eg at eg har funne rett forfattar, sitat: ’et ekteskap som er gått i stå’. Men det viser seg å vere falske voner, vedkomande forfattar er fødd i 1931, og boka kom ut i 1994. Så då er det berre å blade vidare i bokkatalogen frå 1996. Mykje heldigare ved neste stopp, på side 7: Amy Tan, med boka Hundre hemmelige sanser. Eg har blanda erfaringar frå bokbloggarsidene, men ei av desse sidene gav meg i alle fall ei opplysning om at dei to hovudpersonane i boka er halvsøstrer (Olivia og Kwan). Merkeleg nok er det opptil fleire bøker av Amy Tan på biblioteket, og eg fann til og med ut (på første side i romanen) at far deira heiter Jack Yee. Amy Tan er for meg berre eit forfattarnamn på tre bokstavar i kryssordoppgåver, eg har ikkje noko forhold til den litterære verda hennar. Men ho er altså dotter av kinesiske immigrantar, er fødd i 1952 og voks opp i California. Ho har skrive mykje om mor–dotter-relasjonar, mellom anna i debutboka Lykke og glede (1989), som kanskje er hennar mest kjende bok. Og det er alt jeg for tiden vet, om Amy Tan og om kjærlighet.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg har strevd med å finne svaret på vekas gåte. Medikus Libri skreiv om si erfaring med svarte hol, og eg kjente på trongen til å hive både Dag og Tid og iPaden i det nærmaste gjørmeholet eg veit om. Heldigvis kom eg på nesten uforståeleg vis plutselig over ein forfattar og ein roman som passa til tipsa. Eg har så vidt starta lesinga i Amy Tan si bok Hundre hemmelige sanser.»
Desse mista ikkje sans og samling i leiting etter løysing på oppgåve 1547: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Farstad, Ole G. Evensen, Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Arne Thorvik, Ole Husby, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnar Bæra, Lise Haaland, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Fritjof Lampe, Gunder Runde, Dag Skarstein, Brita Lundeland, Audun Gjengedal, Ragnhild Eggen, Roar Øvrebust, Jorunn Øxnevad Lie, Per Trygve Karstensen, Anne Berit Skaarer, Folke Kjelleberg, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Bjørn Myrvang, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Margrethe Berge, Jan Alfred Sørensen, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Sjur Joakim Fretheim og Robert Øfsti.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.