Tango for toPraha og Franz Kafka er i dag utenkjelege utan kvarandre. Som gjest i hovudstaden i Tsjekkia vert ein heile tida minna om at dette er heimbyen til forfattaren. Sjølv om ein finn mykje skrot med Kafka-motiv i turistbutikkane, er det også noko ge
Praha og Franz Kafka er i dag utenkjelege utan kvarandre. Som gjest i hovudstaden i Tsjekkia vert ein heile tida minna om at dette er heimbyen til forfattaren. Sjølv om ein finn mykje skrot med Kafka-motiv i turistbutikkane, er det også noko genuint sympatisk med ein by som til dei grader hyllar ein litterær helt.
Ein klassikar på T-skjortene med Kafka-motiv er teksten «Kafka didn’t have a lot of fun either». Eg har aldri hatt sansen for akkurat den bodskapen. Sjølv synest eg Franz kan vere veldig morosam, ikkje minst i forteljinga Forvandlingen, der Gregor Samsa vaknar ein dag og har blitt til eit insekt. Eit anna døme på humoren til Kafka finn me i eit brev han skreiv til Felice Bauer i desember 1912. Her fortel han om ein togtur til Leipzig og ein kupé der dei andre passasjerane sit og søv. Franz søv ikkje, han er oppteken med å skru termostaten i kupeen ned på det kaldaste. Når det vert kaldt nok, vaknar ein passasjer av di han frys, og han skrur sjølvsagt termostaten tilbake på full varme. Når det igjen er berre Kafka som er vaken, vert termostaten nok ein gong innstilt på lågaste temperatur, og slik held det fram heilt til Leipzig. Kom ikkje her og påstå at Franz Kafka ikkje hadde det morosamt.
Løysingsforfattaren denne gongen er òg glad i Kafka. I eit intervju med The White Review seier László Krasznahorkai: «Når eg ikkje les Kafka, tenkjer eg på Kafka. Når eg ikkje tenkjer på Kafka, saknar eg å tenkje på han.» Ingebjørg Sogge skriv: «Ein bør som kjent ikkje bruke ordet monster om folk, og kanskje heller ikkje om bøker, men det har altså vorte sagt om Satantango av den ungarske diktaren László Krasznahorkai. Der fortel han om ei handfull menneske som slepar seg gjennom tilværet i ein gudsforlaten avkrok i Søraust-Ungarn i dei siste åra muren står. Her er forfall på alle frontar, det er rust og råte, mugg, stank og søle, evig regn og grashoppeplage av bibelske dimensjonar. Menneska sjølve er ikkje i betre forfatning, dei heller. Det går på løgn, fyll og utruskap, plyndring, prostitusjon og provosert sjølvmord. Inn i denne depressive trøystesløysa fell det ein stråle av lys og framtidshåp da folk får nyss om at den karismatiske Irimias er på veg til landsbyen. Det spreier seg ei forventning om at han kan redde dei ut av den sumpen dei lever i, og medan dei ventar på han, drikk dei og dansar tango mellom slør av hengande kongrovev i landsbykneipa. Det kan jo ikkje gå godt. Irimias viser seg å vera ein falsk frelsar, ein messias med hestehov, ja, kanskje til og med spion for Stasi. Ikkje muntert, altså. Men denne dystre endetidsvisjonen er strålande konstruert og komponert – som ein vond sirkel, ein djevlesirkel, som tyskarane seier – og har vorte ein klassikar, i slekt med bøkene til Kafka og Beckett og andre forfattarar som har synt oss framandgjeringa og meiningsløysa i det moderne livet. Menneskesynet er misantropisk og humoren svart, men er boka monstrøs? Eg trur eg overlet spørsmålet til justisministeren.»
Kan hende var ikkje oppgåve 1325 ein dans på roser, men desse fekk det til å svinge i tangotakt: Gunn Bull-Berg, Heidi Weisser, Laurits Killingbergtrø, Bernt Rekstad, Sjur Joakim Fretheim, Inger Anne Hammervoll, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Tore Skjæveland, Nils Farstad, Else Gjesdahl Sørensen, Per Skjæveland, Eirik Holten, Olav Holten, Tor Inge Myren, Rannveig Nordhagen, Turid Tirevold, Skeisebibliotekaren i LASK, Jan Alfred Sørensen, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Lilly Anita Grimstad, Torleiv Kløve, Odd Storsæter, Marit Lindberg, Robert Øfsti, Folke Kjelleberg, Olav Molven, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, John Olav Johnsen, Petter Kristensen, Eva Sunde, Ingebjørg Sogge, Kari Lønning og Ottar Aarø. Denne gongen er Heidi Weisser bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1327
9. december 2015.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.