Den tyske filosofen og pessimisten Arthur Schopenhauer (1788–1860) skal vere opphavsmann til uttrykket: «Sjølvros skal ein lytte til. Han kjem frå hjartet.» For lesarar med interesse for fysiognomi, kan me avsløre at Schopenhauer er ein av få filosofar som har ein umiskjenneleg likskap med Aukrust-figuren Mysil Bergsprekken. Når me nemner dette med sjølvros, er det av di me førre veka fekk vete kven som var nominerte til Brageprisen 2022. Sidan det ikkje er plass til å stikke meir under stolen, lyt me opplyse om at alle dei fire nominerte forfattarane i klassen for skjønnlitteratur, har vore løysingsforfattarar her i bokhjørnet. Nokre vil kalle dette snikskryt. Dei har heilt rett.
Førenamna på dei aktuelle kandidatane til Brageprisen er Ingeborg, Matias, Vigdis og Carl Frode, men kva er etternamna? Det er ikkje premie for å løyse denne vesle bonusoppgåva, men om du ikkje klarer minst tre av dei, er det direkte i fengsel, og du får ikkje 200 kroner sjølv om du passerer start. Namna på dei nominerte finn du etter at me har annonsert bokvinnaren denne gongen.
Så til løysinga me skulle fram til i dag. Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Heh, merkelig tekst, og hvem skriver slik nynorsk? Noe og noen. Dialektisk? Vaage? Nei. OK, vi skal frem til forfatter født et år Nobelprisen ikke ble delt ut. En som ble født i 1914 kan jo ha kommet med bok i 1990, men jeg tror ikke vi skal så langt tilbake. Wikipedia: fødsler 1935. Ctrl F: forfatter. Aktuelle kandidater: Bjørg Vik. Skrev på bokmål. Olav Vesaas. Skrev knapt skjønt. 1940: Einar Økland ga faktisk ut roman i 1990, lyrisk sådan, men ingenting ved tittelen gir assosiasjon til noe en kan sanse i høstregnet. Videre: Rolf Sagen. Lyden av vatn. Roman. 1990. Gulp! Er vi der allerede? Har vi den i samlingen? Ja – i kvadruppelutgivelsen 4xSagen, med etterord av selveste Erlend O. Nødtvedt, og – ja da, sitatet er på plass der det skal være. Så var det skreppen. Her må det leses. Merkelig bok. Den Sagen! Hermetiske jentebarn! Haikeren. Lese, lese. Den unge jenta, som heiter Siri, er ganske sjarmerende og virker også moden for alderen. Hun hopper uansett av i landsbyen Nes, ved elven Leira, og det samme gjør Skeisebibliotekaren i LASK, som lover å fullføre lesningen av boken.»
Brita Lundeland skriv: «Denne helga har eg fått inspirasjon til løysing av litteraturoppgåve. Eg har vore på Nynorske litteraturdagar i Flåm og fått med meg mykje interessant. Liv Signe Navarsete, Brynjulf Jung Tjønn, Marit Eikemo, Randi Fuglehaug og Ole Ramshus Sælthun blei bokbada og desse forfattarane selde signerte bøker. Ingvild Bryn hadde eit fantastisk kåseri, og Sigrid Moldestad avslutta fredagskvelden med ein flott konsert. Endå var det mykje meir ein kunne få med seg. Så til oppgåva. Eg finn også hjelp i Årets bøker ved løysing av Klok på bok. Denne gongen kom boka til nytte. Eg fann ei nynorsk bok med tittelen Lyden av vatn. Forfattaren er Rolf Sagen.»
Mykje vatn har runne i havet sidan løysingsboka kom ut, men det hindra ikkje desse klokingane i å finne fram til rett svar på oppgåve 1551: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Skeisebibliotekaren i LASK, Vigdis Hegna Myrvang, Camilla og Christine på Åsane bibliotek, Laurits Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Roar Øvrebust, Arne Thorvik, Camilla Høvik, Eli Hegna, Gunder Runde, Pål Amdal, Brita Lundeland, Magnhild Reisæter, Laura Killingbergtrø, Petter Kristensen, Gunnar Bæra, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Olav B. Larsen, Ingebjørg Sogge, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Marta Kløve Juuhl, Erik Aamlid, Reidar Birkeland, Toril Mesna, Sigrun Gjengedal Ruud, Sjur Joakim Fretheim, Sissel Gunnarshaug, Olav Holten, Gunnar Eide, Ole Husby, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Bjørn Øyvind Engh, Eirik Holten, Inger Margrethe Berge, Hans M. Gautefall, Robert Øfsti og Torleik Stegane. Bokvinnaren heiter Bjørn Øyvind Engh. Gratulerer!
Dei fire fine forfattarane som er nominerte til Brageprisen 2022 i klassen for skjønnlitteratur, er: Ingeborg Arvola, Matias Faldbakken, Vigdis Hjorth og Carl Frode Tiller.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.