Svenskevalet frå A til CDet svenske valet er over, og vi kan gå tilbake til dei vanlege, meir kvardagslege vala: potet eller pasta, bukse eller skjørt, heimekveld eller fyllefest og Stjernekamp eller Skal vi danse. I alle fall er det sikkert lurt å oppsumm

Publisert

Det svenske valet er over, og vi kan gå tilbake til dei vanlege, meir kvardagslege vala: potet eller pasta, bukse eller skjørt, heimekveld eller fyllefest og Stjernekamp eller Skal vi danse. I alle fall er det sikkert lurt å oppsummere valet. (Det blei rett nok dekt av alt frå Dag og Tid til Natt og Dag, men det er ikkje lett å henge med, og kven har tid til å lese om politikk? Nei, æsj, vi må nok prioritere KKK, det vil seie kjendisar, kriminalitet og katastrofar.)

OK, i korte trekk var det S som vann, men SD vann òg, sjølv om M fekk fleire stemmer enn SD. SD tok altså bronse. Men på valdagskvelden ropte SD-leiaren at SD hadde vunne. Slagordet til SD var kult, sånn sett: «Förändring på riktigt!» Slagordet til M var «Nu tar vi tak i Sverige!» og slagordet til SD var noko om samhald.

Kva S, M og SD står for, er ikkje lett å hugse, men alle sluttar på «raterna». Sånn sett kan vi kalle dei A-raterna, B-raterna og C-raterna. Det viktigaste er at det ikkje er lenge til Eurovision Song Contest, og det i Israel. Sverige gjer det truleg greitt der.

Katt og mus

Plutseleg er det blitt kaldt å sitte på terrassen, ein får naglebit når ein køyrer motorsykkel, ein må rydde vekk 23 sommarkjolar som ligg i vegen, ein har ikkje lenger lyst på kvitvin, og ein blir deprimert for den minste ting. Då er det berre eitt å gjere: reise vekk.

I alle fall var det det ein av nabokattane sa ein dag han var på besøk. Han sette seg på PC-en min, det vil seie tastaturet, stira meg inn i auga og mjaua:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement