Svele 2.0Etter at Innsida tok opp svela som nasjonal , har telefonen knapt stått stille (faksen òg). Mange gode krefter er i sving for å redda svela, som er truga av bruer og tunnelar. Innsida laut difor rykka ut til den framtidsretta konferansen The
Etter at Innsida tok opp svela som nasjonal matskatt, har telefonen knapt stått stille (faksen òg). Mange gode krefter er i sving for å redda svela, som er truga av bruer og tunnelar. Innsida laut difor rykka ut til den framtidsretta konferansen The Next Wave på Giske. Der hadde den heimvende superkokken Ronny Kolvik samla eit dugande team som serverte dei 500 deltakarane neste generasjon av svela. Svela dei baud fram, var bakt av rug og hadde verken smørkrem eller brunost, men det langt sunnare fyllet av sylta lauk og makrell. Ein nydeleg kombinasjon som sveleelskarar kan nyta med godt samvit. Nærare undersøkingar viser at svelebeltet byrjar omlag der makrellbeltet sluttar. Ronny og gjengen har difor slått eit slag for begge desse artane.
Om ein månad opnar den nye restauranten hans, Bro, i Ålesund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.