Sundag var det vårjamdøger. No vert dagane lengre og nettene kortare heilt fram til haustjamdøger kjem snikande natt til 23. september. Dimed kan me slutte at Nostradamus frå Bodø, Halvdan Johannes Falck Sivertsen, fekk rett i år òg: Han e lang vinter’n, men ikke evig. Sanneleg er det godt at det er stell på noko.
Her i bokstova hugsar me det som ein slags stutt trend, dette med å oppmode folk om å gje meir av seg sjølv. Etter kvart som fleire og fleire tok ynsket på alvor og byrja plapre laus i timevis om til dømes ein sokk dei ikkje kunne finne, vart det brått slutt på initiativet. I Klok-redaksjonen er det difor delte meiningar om kor mykje me skal snakke om kva som skjer på kammerset. Eit knapt fleirtal har likevel kome fram til at me skal svare når Oddlaug Bringe Walaker spør: «Kor mange svar plar Medikus få utanom dei som har treft rett i blinken?»
Sanninga er at det varierer veldig frå veke til veke. Det er alltid meir enn éin bom, og dei som gissar gale, svarer som oftast det same. Denne gongen var det ei lita handfull innsendarar som ikkje hadde 100 prosent treff på tilleggsspørsmålet, men boklækjaren er våryr og lèt nåde gå for rett.
Så til løysinga og til Ingebjørg Sogge, som skriv: «Fleur Jaeggy er ein sveitsisk forfattar som bur i Milano og skriv på italiensk. Kortprosasamlinga Jeg er broren til XX er den tredje boka som er omsett til norsk. Og prosaen hennar er verkeleg kort. Nobelprisvinnaren og venen Josif Brodskij skal ha sagt at ein ikkje treng meir enn fire timar for å lese alt ho har skrive, men eit heilt liv til å tenke igjennom det. Han har fått sin plass i samlinga. Og i teksten som dagens sitat er henta frå, samtalar ho med den austerrikske forfattaren Ingeborg Bachmann om alderdommen. Ho kan sjå for seg at dei to venninnene kanskje kan tilbringe han i lag for å gjere han mindre forferdeleg. Men Bachmann er atterhalden, og ho har grunn til det, for ho døyr av brannsår ho har fått etter røyking på senga ikkje så lenge etterpå. Boka er altså delvis sjølvbiografisk, og gir glimt av levd liv, personlege observasjonar og innsikter, men privat eller sentimentalt blir det aldri.»
Petter Kristensen skriv: «Et spennende møte med en forfatter som gjør inntrykk! Novellesamlinga er Jeg er broren til XX og sitatet er fra ’Det sterile rommet’. Forfatteren Fleur Jaeggy samtaler her med kollega Ingeborg Bachmann. Jaeggys visitt til Sant’Eugenio-sykehuset i slutten av novellen ender sannsynligvis opp i pasientrommet hvor Bachmann døde. Ingeborg Bachmann var også en tidligere Kpb-forfatter, og ikke den eneste: i novellen ’Negde’ møter vi Josif Brodskij fra Kpb i 2018!»
Eirik Holten skriv: «Det er farleg å røykja, særleg sigarettar seiest det. Italiensk politi konkluderte med at det var sigarettrøyking som var årsaka til at nattkjolen til Ingeborg Bachmann tok fyr natta til 23. september 1973. Om morgonen vart ho lagd inn på Sant’Eugenio-sjukehuset med andre- og tredjegrads brannskadar. Abstinens etter liberalt bruk (for å seia det varsamt) av barbiturat gjorde det ikkje noko betre, og ho døydde 17. oktober. Det er denne Ingeborg løysingsforfattaren Fleur Jaeggy samtalar med i sitatet. Dei budde begge i Roma ein periode.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.