Klok på bok

Store Klaus

Publisert

Førre fredag var me i København saman med Karl Ove Knausgård, og denne veka er me framleis i Danmark. Løysingsforfattaren er nemleg dansk. Han fekk tilnamnet Store Klaus, og å hevde at han var ein kontroversiell og markant personlegdom, er visst ikkje å ta for hardt i.

Klaus Rifbjerg var ein forfattar og debattant som kunne hugta folk, men han kunne òg vere særs provoserande. Gjerne samstundes. Eit døme er då han i eit fjernsynsintervju fekk sagt: «Der er 2000 begavede mennesker i Danmark, og resten er dumme.» Utan tvil tok Store Klaus seg sjølv med blant mindretalet i overslaget.

Mot slutten var Rifbjerg mykje sjuk, men då Tomas Tranströmer døydde den 26. mars 2015, tok avisa Politiken likevel kontakt. Dei informerte om dødsfallet og ville høyre om Klaus hadde ein kommentar. Han bad dei om å ringje opp igjen litt seinare, og dagen etter stod desse orda frå Rifbjerg om Tranströmer på framsida av Politiken: «Haren sætter sine spor. Så er den væk.» Det gjekk ei dryg veke, så var også Store Klaus vekke.

Så sprett me vidare til kloke svar frå lesarane. Gunder Runde skriv: «Bok utgitt første gong i 1958, dvs. at forfattaren truleg er fødd før 1935. Nordiske nobelprisvinnarar før dette året: to norske (1920 og 1928) og ein svensk (Karlfeldt 1931). Eg leitar fram Årets bøker 1979, og går igjennom romanoversynet for dette året – ikkje mindre enn 12 nordiske forfattarar finn eg. Men ved å sjekke fødselsåra for desse, er det berre ein einaste som er fødd i 1920/28/31, nemleg Klaus Rifbjerg (1931). Og han debuterte som romanforfattar nettopp i 1958, med Den kroniske uskyld, som eg til og med har ståande i bokhylla mi (til overmål: på dansk!). I mi danske boksoge vert Rifbjerg karakterisert som ein av dei ’nye’ forfattarane i Danmark, som er ’åbne, respektløse, fordomsfri, ironiske og selvironiske’. Han starta med dikt, debut i 1956, og gav ut fleire diktsamlingar. Men best kjend er han nok som romanforfattar, med ei rekkje bøker etter romandebuten. I tillegg var han kjend som journalist, kritikar og som manusforfattar til fleire filmar og også revykomediar. Han fekk Nordisk råds litteraturpris allereie i 1970, for romanen Anna (jeg) Anna. Han døydde i 2015. Ein av dei store danske!»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Ved å søke på bøker utgitt i 1979 i norske bibliotekbaser, avgrenset til bokmålsromaner for voksne, satt jeg igjen med en liste på drøyt 170 titler. Treff nr. 136 i denne listen inneholdt, foruten boktittelen, verkets forfatternavn, som også var det første på listen som tilhørte en nordisk ikke-norsk forfatter hvis fødselsår sammenfalt med et år da Nobelprisen i litteratur gikk til en nordisk forfatter, nemlig svensken Erik Axel Karlfeldt som fikk den i det Herrens år 1931, samme år som dansken Klaus Rifbjerg ble født. Boken det dreier seg om, og som kom på norsk i 1979, er Den kroniske uskyld. Et kjapt wiki-søk på Rifbjerg bekrefter at den første gang utkom på dansk i 58. Jeg tror jeg er på sporet – noe annet vil være pinlig etter å ha liret av meg så mye. Da får vi (jeg) gå til bokhyllen. Et øyeblikk, bare. … Jo da, det er rett bok. Forførerisk kvinne… lagnadstung rolle… Får sette meg til å lese, da. … Må være Helle Junkersen, det da. Går for dét.»

John Olav Johnsen skriv: «Ei fantastisk histore. Boka toler å lesast både to og tre gonger.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement