Klok på bok

Spøk og alvor

Publisert

På nynorsk har me korkje ordet grukk eller gruk, som det heiter opphavleg på dansk. Ordet er ei samanskriving av orda grin og suk, og det er forfattaren og filosofen Piet Hein som er oppfinnar av ordet. Piet var ein multikunstnar som skreiv meir enn 10.000 gruk, eller epigram, om du vil nytte eit ord som står i ordlista. Eitt av dei mest kjende er: «Den, som kun/ tar spøg for spøg/ og alvor/ kun alvorligt/ han og hun/ har faktisk fattet/ begge dele dårligt.»

Når me byrjar med dette i dag, er det av di det går ein tjukk raud tråd frå utsegna til Piet Hein og til løysingsboka denne gongen. I boka finn me ein hovudperson som trur at eit skjemt berre er eit skjemt, medan styremaktene har eit gravalvorleg syn på det dei meiner er alvor.

Ja, me skal nok ein gong fram til ein roman som delvis går føre seg i Praha. No og då lyt me dit i spalta her, og kan hende er det ikkje så merkeleg at lesarane undrar seg over kva det er med boklækjaren og denne byen. Det har seg slik at då eg, og lesarane, var ein god del yngre enn me er no, budde eg som bohem i Praha eit knapt års tid. Eg lærte meg litt tsjekkisk, las mykje litteratur, men det meste av tida var eg på vertshus. Det var eit vilt og meiningslaust liv. Og eg har sakna det kvar dag sidan.

Gunder Runde kom sterkt attende etter å ha vore usynleg førre veka. Han skriv: «Eg vart litt overraska då eg såg at det berre er ein einaste tysk nobelprisvinnar i litteratur i det tidsrommet som er aktuelt for denne vekas oppgåve, nemleg Thomas Mann, 1929. Og når me i tillegg får eit brukbart tips om fødselsdatoen til forfattaren av dagens bok-utdrag, er det fort gjort å finne fram til Milan Kundera, fødd 1. april 1929. Og boka har tittelen Žert på tsjekkisk, i norsk utgåve En spøk. Og så var det postkortet: Hovudpersonen Ludvik sender eit kort til ei kvinne han er forelska i, og prøver å vere vittig – noko som altså er særs mislukka. Han vrir litt på Karl Marxs kjende sitat: ’Religion er opium for folket’, og endrar det til ’Optimisme er opium for folket’. Og ikkje nok med det: Han avsluttar med ’Leve Trotskij!’. Lite gjennomtenkt, får ein vel seie. Og så vert han innkalla til partisekretariatet og må forklare seg om styggepratet på postkortet, noko som ikkje endar særleg bra. Kundera vart fødd i Brno, men studerte i Praha (boklækjarens favorittby?), gjekk ut og inn av kommunistpartiet, vart til sist endeleg ekskludert frå partiet i 1970. Han slo gjennom som romanforfattar med boka Tilværelsens uutholdelige letthet (ein tittel som gjer at trufaste nynorskingar som prøver å halde sin målpolitiske sti rein, kan misse nattesvevnen). Han vart etter kvart kjend som ein klar motstandar av det kommunistiske systemet i dei austeuropeiske landa, noko som førte til at han flytta til Frankrike i 1975. Så vidt eg veit, lever han framleis, han må i så fall vere meir enn 93 år gammal. Etter at han flytta til Frankrike, skreiv han bøkene sine på fransk, og vert vel no nærmast rekna som ein fransk forfattar.»

Ragnhild Eggen skriv: «Dette er en av mine yndlinger!»

Desse klokingane kom fram til Kundera på oppgåve 1562: Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Paul Henrik Hage, John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Dag Skarstein, Ingerid Skarstein, Grete Gjelten, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Arne Thorvik, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Svein og Eva Fornes, Brith Stensen, Jan Erik Røed, Ingrid Kvissel, Arve Kjøstvedt, Camilla Høvik, Dag Eirik Eikeland, Gunder Runde, Eli Hegna, Richard Peel, Robert Øfsti, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Else Gjesdahl Sørensen, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Hans M. Gautefall, Jorunn Brekke Fjeldheim, Folke Kjelleberg, Magnhild Reisæter, Olav Holten, Bente Ubostad, Fritjof Lampe, Per Trygve Karstensen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Knut Einar Johannessen, Erik Aamlid, Olav B. Larsen, Eirik Holten, Kjell Helge Moe, Audun Gjengedal, Anne Siri Strand, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Torleik Stegane og Dei Kvasse på Fana. Denne veka heiter bokvinnaren Paul Henrik Hage. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement