SkyskitingDet er moro med tabbar, særleg på TV, der til og med små språkblemmer kan få vedunderlege konsekvensar. Her ein dag blei ein ny sport unnfanga via slapp artikulasjon i ei nyhendesending. Vedkommande sa kanskje «skiskyting», men mange av oss høyrd
Her held Kong Harald tale på engelsk under ein gallamiddag nyleg. Han snakka om så mangt, kanskje til og med skyskiting, men vi får tru han ikkje sa «bla bla tekst inn her».
Det er moro med tabbar, særleg på TV, der til og med små språkblemmer kan få vedunderlege konsekvensar. Her ein dag blei ein ny sport unnfanga via slapp artikulasjon i ei nyhendesending. Vedkommande sa kanskje «skiskyting», men mange av oss høyrde «skyskiting», og dermed blei ei ny idrettsgrein fødd. Vi kan berre håpe ho blir å sjå i neste OL, visstnok i Kina i 2022.
Om du får lyst til å begynne med skyskiting sjølv, er det berre å hoppe i det. Skyskiting kan likne skiskyting, men du slepp å gå til innkjøp av dyre våpen. Du treng ikkje eingong ski. Alt du treng, er trening. Du treng styrke, særleg i låra, sidan du må huke deg ned. Du må ha god lungekapasitet; skyskitingskonkurransane går alltid føre seg i høgda. Høgdetrening er med andre ord ein klar fordel, men du treng ikkje reise lenger enn til Galdhøpiggen og skylaga der omkring. Ein skyskitingsutøvar må ikkje minst ha god mage; ein må skite i rett augeblikk, trass alt, når det tel, og treffe blink, om det så er minus ørten og null sikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.