SkiltInnsida tek fram gode døme på skilting i denne utgåva òg. Noko anna ville nok ha uroa lesarane våre, som stadig kjem med bidrag til denne viktige og opplysande spalta. Korleis skulle det sjå ut i samfunnet og i samværet mellom oss menneske om skilta i

Kva heiter frua?
Kva heiter frua?
Publisert

Innsida tek fram gode døme på skilting i denne utgåva òg. Noko anna ville nok ha uroa lesarane våre, som stadig kjem med bidrag til denne viktige og opplysande spalta. Korleis skulle det sjå ut i samfunnet og i samværet mellom oss menneske om skilta ikkje vart tekne på alvor?

Nils Tveranger har sendt oss skiltet som fortel at Hans Nissen og kona hans har stifta eitkvart som skal hjelpa andre. Nils lurar nok, slik som fleire av oss, kva kona heitte, sidan ho berre er omtala som «Hustru». Hans er iallfall nemnd.

Baste Bolstadøyri har vore i England og funne eit svært klårt skilt over inngangsdøra til eit gudshus. Er det meir mellom himmel og jord? Ta turen inn og finn ut sjølv!

Skilt og skilt. Frå tid til anna er Innsida raus med definisjonane. Me omtalar gjerne fleire variantar av det som er bodskap ut i kvardagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement